Om rollebytte og forventingar

Tre dagar førre veke reiste mange av oss til Lillestrøm for å delta på utdanningsmessa der. Fleire enn eg lærte nok ganske mykje der, men om alle la merke til det er eg ikkje like sikker på.
Det var 15 skular som skulle opptre på scena informasjonskontora organiserte. 15 skular stilte med alt frå 5 til over 20 elevar. Nokre av skulane stilte til og med med lærarar. Kvar enkelt av dei som deltok kom til scena med forventingar. Knapt ein av dei fann det dei venta å finne.

Det er mykje god logistikk i folk
Folk er sjeldan berre folk. Folk som kjem med forventingar kjem også gjerne med meir handfaste rekvisittar. Mange av desse skal opp på scena, og mange skal helst ha ein trygg plass rett ved scena. Ikkje minst så skal desse tinga helst vere ute av vegen i tide til neste gruppe som skal opp og fram.
Eg har vore med på dette fleire gonger enn eg hugsar, både før, under og etter mitt eige år på folkehøgskule.

Storarta forventingar
Og nesten kvar gong har eg stilt opp med ei klar forventing om korleis scena skal vere. Dei som arrangerer har så klart tatt hensyn til at det er mykje arbeid å rigge opp og ned utstyr, og ordna ei scene som er stor nok til å romme ikkje berre full line-up med forsterkarar og trommesett til alle involverte, men også plass nok til dei som er rare nok til å gjere noko anna enn å spele i band — dansarar og slikt noko.

Storarta skuffelsar
Så kjem ein dit, og det går opp for ein at backstage ikkje finst, at ein slett ikkje er stjerna, berre er ein i rekkja av utøvarar, og at einaste moglegheita for skryt er om du greier å kome deg raskt av scena.
Dette har eg altså gjort så mange gonger at eg for lenge sidan byrja å sjå moroa i det. Men eg har ikkje før desse tre dagane vore på andre sida — han som står og fortel dei unge håpefulle at dei må skynde seg å rigge om dei skal rekke å spele, at scena er så stor som den er og at om dansarane hadde venta seg meir plass så kan dei ikkje ha lest informasjonen vi har sendt ut.

Storarta læring
Det vart ei flott læreoppleving for min del. Ikkje så mykje av di eg ikkje hadde gjort akkurat dette før, men av di eg heile tida var så medviten om elevane si oppleving av situasjonen. Heile grunnlaget for