Automatikk i folkehøgskulen

I folkehøgskulen skal dialog stå i høgsetet, ein er flinke til å til å sjå fleire sider av både sak og menneskje, ein skal kunne utvikle heile seg. Det er eit pedagogisk progressivt skuleslag, som har andre og betre verdiar enn det andre skuletypar tilbyr*.

Meir enn teori
Til overmål er heile skuleslaget grunna på ei sterk tru på at menneskjet treng meir enn boklærdom, teori og den gleda kvar enkelt evnar å hente ut frå eksamensresultat og testing. Folkehøgskulen er, som resten av samfunnet, ikkje slik det var på salige Grundtvigs tid. No er det mykje ressurs- og teoristerk ungdom frå allmennfag som søkjer seg til skulane, medan elevane på yrkesfag ikkje ser ut til å vere mogleg å fange. Dette trass i at teorikrava på yrkesfaga vert hardare og hardare, til elevar og lærarar sin frustrasjon.

For visse verdiar av x
Kva er meint med «heile menneskjet»? Gjeld det berre for visse verdiar av «heil» og «menneskje», eller har folkehøgskulen noko å tilby også for dei som har andre interesser enn kunst og sport?

Kjeppar i hjula
Det ekstra året elevane på yrkesfag har meir enn dei på allmennfag gjer at mange ikkje tenkjer på folkehøgskule i det heile, dei skal ut i arbeid og har ikkje tid til å skulle ta seg eit friår. Forståeleg. Og det er ikkje heilt sant at det ikkje er nokon i det heile. Eg gjekk sjølv saman med ein som først hadde tatt fagbrev, så var i militæret, og som så valde folkehøgskule. Nemnte eg at folkehøgskulen tiltrekk seg dei mest ressurssterke, og at det kanskje ikkje var dei skuleslaget vart til for?

Frykt for det målbare
Men fleirtalet kjem altså frå dei studiespesialiserande faga, og ein prøvar ikkje ein gong å hente inn dei gruppene som skal vidare på tekniske høgskular og universitet, eller som har valt ei studieretning som er meint å føre rett inn i eit yrke etter vidaregåande. Til desse gir ein berre erkjenning av deira retning og ønskjer dei lykke på reisa. Dei vi vil ha er dei som vil det same som oss eller dei som ikkje veit kva dei vil i det heile. Kva i alle dager er ein så redde for? Er ein redde for at teknikk og maskiner skal kome i vegen for mellommenneskeleg varme? Kjem mangelen på interesse frå same stad som poeten si frykt for at stjernene skal skine mindre om ein forstår kva som får dei til å brenne? Folkehøgskulen skal vere eksamensfri, og skal ikkje gi formell kompetanse. Matematikk, fysikk og liknande er av dei lettaste å måle og gjere prøver av, men det er då ingen kausalitet mellom at noko er lett å måle og at ein måle det? I motsetnad til ein del av dei største fagområda innanfor skuleslaget er desse typene fag i mykje sterkare grad institusjonalisert. Men det skulle vel heller ikkje vere slik at ein ikkje kan utfordre monopol på denne typen lærdom?

Å bygge opp
Kvifor finst det ikkje eit kurs der elevane byggjer mekaniske ting, programmerer robotar, utviklar kunstig intelligens? Kvifor er det slik at data-kursa er retta mot å skape kunst? Ikkje at det er noko feil med kunst, men det går an å skape andre ting også. Dei områda der mennesket er nærast å skape, i tydinga av ordet som nok ligg fleire enn meg nærast, er kjemi og fysikk. Partikkelakselleratoren ved CERN gjorde i alle fall skapingsmytene aktuelle igjen. Vi let elevar byggje båtar på gamlemåten, kvifor ikkje eit elektronisk styresystem til dei?

Konkrete metaforar
Tenk om ein fikk huka fleire av elektrikarane, cnc-operatørane, dei komande brubyggjarane**, jentene og gutane som kanskje heller reiser på NTNU eller NITH for å redde verda gjennom andre måtar å forstå verda på. Det er utan tvil nobelt å vere i stand til å sjå den andre, både med stor og liten a, men det kan vere noko nobelt i å sjå at vi eksisterer i same realistisk målbare og diskuterbare rom også.

Medstraumsrekruttering
Og det er ikkje ei god nok unnskyldning å seie at dei som interesserer seg for slikt ikkje er interesserte i det folkehøgskulen har å tilby, altså det som er den meir eller mindre definerte kjerna av skuleslaget. For å snu på det, så hadde eg kanskje ikkje som ung gitarist søkt meg til ein skule som berre kunne tilby astrofysikk, uansett kor mykje bra sosial trening skulane hadde lovt meg. (Det finst gitaristar som interesserer seg for slikt også, men eg gjer denne tillempinga for å få fram eit poeng. Både musikarar og fysikarar har elles vorte hevda som grupper med behov for sosial trening, men det er ein annan diskusjon.)

Den som leitar skal finne
Eller at moglege lærarar ikkje søkjer seg til skulane. Hadde det vore ein marknad for tradisjonell mongolsk strupesang med innlagte vandringar i Genghis Khans fotspor hadde nok ein skule eller tre funne lærarar som var kompetente. Så kvifor ikkje nokon som har bygd si eiga heis eller katapult?

Mi interesse er meir interessant enn di interesse
Korleis kan vi stå på messer og seie til folk som spør at «Nei, det finst ingen fag som passar til deg om dei faga du er mest oppteken av er realfaga. Folkehøgskulane tilbyr for det meste interessefag.» Er ikkje ei interesse for desse sidene av verda ei interesse, eller er den berre ikkje bra nok?

*  http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/710139/ Ved 21:53 i denne sendinga viser jentene i ei fjerdeklasse fram korleis dei brukar lego for å lære. Legg særleg merke til korleis læraren påpeiker at både ho og elevane har fått endra omgrepsapparatet sitt gjennom denne leikande læringa.
**Konkrete, ikkje metaforiske bruer

PS.
Dette er faga eg fann ved å gjere opne søk på folkehogskole.no etter «realfaglege» nøkkelord. Det finst altså nokre, og sikkert nokre fleire enn det eg har funne her, men dette hadde vore få om ein rekna det mot dei over 300 linjene som finst, og her har eg tatt med valfag: 
Kjemi       – Foto (Seljord folkehøgskole)
                – Garving og skinnarbeid (Fosen folkehøgskole)
Teknologi – Fana – valfag Matematikk og teknologi
Fysikk      – Fysikk eksperiment valfag (Fredly Folkehøgskole)
Bygge       – Båtbygging (Fosen folkehøgskole) 
                 – Kreativ data A (Lundheim folkehøgskole)
                 – Verkstedfag valfag (Idrettskolen Numedal Folkehøgskole) 
                         Verkstedsfagene gir deg mulighet til å dyrke dine kreative og kunstneriske evner.
DS.