Ein telefonseljars glød

Eg skal medgi at dette biletet
sin relevans er noko påklistra,
men tittelen fungerer
på fleire plan.

Det finst, som dei fleste som driv Brønnøysundregistrert verksemd veit, ein heil masse katalogtenester på Internettet. Desse lever av å tilby søkemoglegheiter, slik at folk som kanskje berre er folkeregistrerte kan finne kontaktinformasjon til andre tenester. Sjølv brukar eg ikkje slike til noko særleg, eg sjekkar av og til den telefonkatalogen eg tykkjer det er lettast å hugse namnet på for å finne ut av kven som har ringt meg når eg ikkje kjenner igjen nummeret, og så brukar eg telefonterror.no når nummeret ikkje dukkar opp i den første.

Å kjenne målgruppa

For litt sidan vart eg oppringd av ein fyr frå ei slik teneste, som starta med å legge mykje vekt på seriøsiteten i verksemda deira: dei var til og med med i ein eksklusiv klubb for for folk som hadde feia ekstra godt for eiga dør, i motsetnad til enkelte andre i katalogbransjen. Avtalen vår heldt på å gå ut, sa han, men dei hadde jobba så tett og godt med oss at vår oppføring i katalogen hadde fått minst ei 50% auke, og ikkje minst brukte katalogen mykje pengar på å profilere seg i samband med store fotball-arrangement – «Er du interessert i fotball?».

No er ikkje eg så oppteken av fotball, og sjølv om nokre av dei som går hos oss er det, går dei ikkje hos oss mest av di dei er interesserte i sport. Teatersport er eit særtilfelle.

Dette høyrdes flott og staseleg ut, men eg er sunnmøring og likar å vite kva eg betaler for, så eg sjekka om eg kunne spore denne fantastiske innsatsen deira.

Løgn, forbanna løgn og statistikk

Og vi hadde fått nokre, det er sant.
Dei fem besøka fann stad mellom 25. januar og 8. februar. På ein av desse dagane var det to vitjingar.
Dessverre var dei ikkje så lenge inne om gongen:

Trykk på biletet for å sjå større versjon

Eg fann det litt skuffande at ingen av dei nye vitjarane var inne på nettstaden vår lenger enn 0:00:00.

Dette sa eg ikkje noko om, men eg fortalte han at eg ikkje kunne sjå noko særleg effekt. Det var ikkje så mykje pengar det var snakk om, men når eg hadde statistikk på at klikkratioen vår per krone var mykje høgare for annonsene eg har lagt ut på Google og Facebook verka det som det var pengar eg kunne bruke til noko anna.

Å leve er å lære

Den siste tida har eg lagt merke til at eg knapt kan stå opp utan å lære noko nytt, så i staden for å avvise han gjekk eg inn i ein dialog, for å sjå om ikkje også denne personen hadde noko erfaring eg kunne ta til meg. Og det hadde han. Han ba meg søke etter namnet på fylket vi held til i i samanstilling med «folkehøgskole». Då eg hadde gjort det fekk eg opp ei oppføring for vår vyrde stifting, noko han var kry som ein skulegut over. «Sjå kva vi har gjort for dykk!» sa han. Eg oppdaga altså at ingen hadde tenkt så mykje på det med å seie klart og tydeleg kvar vi held hus på fylkesnivå.

At det som låg på Google Steder ikkje strengt tatt var for skulen, men for eigarstiftinga, at kartplasseringa var feil og at det ikkje eigentleg stod noko der tykte han mest var vår eigen feil. Vi hadde trass alt ikkje masa om at dei måtte rette det opp. Samtalen vart avslutta med ein avtale om at han skulle ringe opp igjen etter at eg hadde sjekka med elevane våre om dei hadde høyrt om tenesta, men at eg nok heller ville ha annonsepengane sjølv.

The only winning move is not to play

Eg høyrde aldri meir frå han. Men eg tok kontroll over plasseringa vår på kartet, lasta opp meir informasjon og bilete, slik at den oppføringa, som trass alt er gratis, skulle sjå så bra som mogleg ut. Eg heldt også fram med å overvake statistikken, og i august tok det seg voldsomt opp:

Trykk på biletet for å sjå større versjon

Ikkje berre var det masse besøk, men dei var lenge på sidene!
11 minutt og 34 sekund i snitt! Her hadde vi treffe målgruppa, gitt! Det einaste som var synd var at alle vitjingane kom frå same person.

Det er ei skummel øving å utleie kausalitet frå korrelasjon, men no gjer vi eit forsøk med denne strategien og har sagt opp dei resterande avtalane med slike tenester, så ser vi korleis det går. Oppføringa vår i den aktuelle tenesta ser ut akkurat som før avtalen gjekk ut, og det er i alle fall ein person frå den tenesta som etter endt avtale har brukt mykje tid på sidene våra.