Rektor held seg i gang!

Eg er ein rektor som i det fjerne tek til å øyne AFP-eventyret! Det faktum gjer at hovudet mitt vert fylt av mange slags forstyrrande tankar. Skal – skal ikkje!

Eine dagen kjenner eg at det kunne jammen vore flott å nytte seg av dette
«slitar-tilbodet». Ha gode dagar der ein berre kan late tida gå, nyte
morgonkaffen i staden for morgonsamlinga, – i eit pensjonert modus
vandre ned til postkassa for å hente dagens utgåve av Sogn Avis som lesestoff
i staden for Folkehøgskolerådet sine rundskriv, – nyte stillheita på nærmaste
fjelltopp på ein ordinær vekedag i staden for alle dei heftige diskusjonane om
allskens viderverdigheiter på Sogndal Folkehøgskule, – kun bekymre meg om
pensjonsutbetalinga i staden for dei stadige bekymringane for skulen sin
økonomi!
Andre dagen kjens det faktisk ikkje så forlokkande likevel! Morgonkaffen er jo eit herleg fenomen på frilaurdagen (frilaurdagen er herleg kun i kraft av arbeidsfredagen), Sogn Avis er 5 minutts-høgdepunktet ved ettermiddagskaffen når arbeidsdagen er over, og turen på Nuken (=nærmaste fjelltopp) er jo framleis treningsturen som gjer meg så godt i ein travel arbeidskvardag…..alt dette held meg i gang!

Dessutan!
Eg elskar morgonsamlingane på Sogndal Folkehøgskule! Dei held meg i gang!
Eg set pris på rundskriva og alle dei andre møteplassane våre…det held meg i gang!
Eg kjenner meg utfordra og inkludert gjennom alle diskusjonane og samtalane med elevar og kollegaer..det er noko som er viktigare enn andre ting og det er noko vi vil, og vi kan skape noko saman, noko nytt heile tida. Det held meg i gang!
Eg er nysgjerrig på kva vi få til utan særleg god økonomi og pengar på bok… også det held meg i gang!
Ergo,- denne andre dagen kan eg ikkje heilt forstå korleis eg kan halde meg i gang med AFP..?
Denne dagen tenkjer eg konstruktive tankar;- eg har ein travel, men morosam arbeidsplass, eg gler meg til å dra på jobb (ja, faktisk så mykje at eg av og til startar ein time tidlegare enn før), det er kjekt å møte gode kollegaer som står på, og ikkje minst er det kjekt å møte elevane kvar dag, rett nok meir og mindre vakne på morgonkvisten. Det er kjekt å kjenne at det finst planar og utviklingsoptimisme i styret. Eg trur alt dette held meg i gang.

Og eg vil jo gjerne halde meg i gang! Det er ikkje anna råd, eg må vel kanskje utsetje AFP-eventyret eit år el to…slik at eg held meg i gang
og kan nyte jobben, morgonkaffen, avisstunda og treningsturen,- og så etter
kvart eit aktivt AFP-tilvære! Kor heldig er det muleg å bli?
PS! Faren er at nokon kviskrar i krokane om at rektor er moden for AFP…..

Av Mai-Evy Bakken