Sokneprest Janne Merete Sukka er tilsett som rektor ved Hallingdal folkehøgskule

Sukka er utdanna teolog og er per i dag sokneprest i Nesbyen. I august startar ho i ny jobb som rektor på Gol.

– Godt fornøgd

Styreleiar i Hallingdal folkehøgskule Hallvor Lilleslett kan fortelja at dei etter ei totalvurdering landa på Sukka.

– Det har med bakgrunn og kvalifikasjonar å gjera. Me er godt fornøgd i styret med denne tilsettinga.

Og Sukka er ikkje framand for å bytte jobb. Det å kaste seg ut i nytt farvatn er ho ikkje redd for:

– Eg har gjort det ein del gonger i mitt liv. Eg gler meg ein heil haug. Det er spennande og eg gler meg til å bruke mange delar av meg sjølv i arbeidet med ungdom.

– Privilegium

Ho kallar det eit «privilegium» å få jobbe med unge vaksne.

– Dei finaste folka eg har jobba med i Hallingdal er konfirmantane. Eg har jobba med ungdom før, det er eit privilegium å få vere vaksenperson saman med nokon som er på veg inn i vaksenlivet, forklarar ho.

Sukka er busett på Gol og har budd der i tre år saman med kona og ein hund.

Klippet fra Hallingdølen,

Vilde Jagland