Store steg framover for Stord folkehøgskule

Om alt går etter planen, så opner Stord Folkehøgskule dørene sine i august 2021. Stord ligg midt mellom Bergen og Stavanger, i hjarta av Sunnhordland. Skulen skal attpåtil ligge i Leirvik sentrum. Det vert ein urban folkehøgskule.

– Heldigvis er ikkje vegen lang ut i skjergarden eller inn og skog og mark, eller opp på fjell, seier Geir Angeltveit, som har vore primus motor for prosjektet sidan 2018.

Folkehøgskulen på Stord vert den 84. folkehøgskulen i landet, og skal ha ein kapasitet på 125 elever.

I statsbudsjettet for 2020 mottok Stord 750.000,- i oppstartsmidler – og venter no på statsbudsjettet for 2021, for å få den endelege godkjenninga for oppstart.

– Me har tillit til at det går i orden, og ønskjer å gje oss sjølv romsleg tid til å få alt på plass. Eit år går kjapt.

Denne veka lyste Stord Folkehøgskule ut etter sin aller første rektor.

 

Dei ønskjer å få på plass ein rektor til å vere med frå nyttår av.

– Det som er ekstra spennande med denne rektorstillinga er at ein får stort høve til å sjølv bygge stab og skule frå start, heller enn å kome inn i ein som allereie er etablert. Då treng me personen som brenn for det.

Prosjektgruppa har jobba lenge med å finna den optimale plasseringa av skulen. Omsider har dei landa på lokala til dagens Grand Hotell  i Leirvik.

– Bygget treng litt storvøling, men me får mykje meir bygg for pengane enn om me skulle ha bygd heilt nytt.

Parallellt med dette har Stord Folkehøgskule også jobba med eit mål om eit bredt eigarskap i folkehøgskulen. Slik at ein sikrar langsiktighet og forankra styring i åra framover. Planane om ein folkehøgskule i bykjerna Leirvik har fått Stord-rådmann Magnus Mjør til å bli optimist på prosjektets vegne. No ønskjer han at kommunen vert medeigar saman med næringslivet.

Rådmannen har innstillt positivt til at kommunen vert ein medeigar.