Song i folkehøgskulen, og ny songbok

Eg byrja å jobbe som lærar på Sogndal folkehøgskule i 1990. Som her på Romerike folkehøgskole starta dagen med allsong. Eg vart glad i det det frå første stund, og er det framleis. Songboka alle elevane fekk i 1990  var grønn og fin med tittelen Songbok for folkehøgskolen, utgitt av Norsk Folkehøgskolelag i 1982. Det var ei revidert utgåve av Olaus Alvestads «Norsk Songbok» som kom ut første gong i 1898.

Av Haldis Brubæk, rektor Romerike folkehøgskole

Den eldste Alvestad-songboka eg fann på biblioteket på Romerike Folkehøgskole var frå 1958. Den likna ikkje songboka vi nyttar i dag, sjølv om det i alle føreord i seinare utgåver står at songboka byggjer på Alvestads songbøker. Kva er likt, og kva er ulikt? Kva songar har overlevd frå Alvestads «Norsk songbok» fra 1958 og over til dagens «Norsk sangbok» frå 2012?

Songene er i begge bøker delt inn i emner. I 1958-utgåva er emna:

Morgon, Kveld, Jul, Nyår, Påske, Pinse, Kristendom og norskdom, Andre salmar og songar med religiøst innhald, Fedrelandet, Morsmålet, Flagget, Norsk reising, Heimen, Arbeidslivet, Sjøen og sjølivet, Soga,- Fridom og framgang, Skule og opplysning, Songen, Menneskelivet, Ungdom, Danmark, Finland, Færøyene, Island, Sverige, Norden, Leikviser. Det er kun nordiske songar, og flest norske.

I revidert utgåve fra 1970 har det kome med ti engelske  og ni tyske songar.

Utgåva som kom i 1982 var eit tydeleg brot med tidlegare utgåver. I føreordet står følgjande:

« Det har dei siste åra kome sterke krav om ein grundig revisjon av Alvestad: «Norsk songbok». Vi i nemda er heilt ut samde i dette, og har hatt det som rettesnor i vårt arbeid….Samtidig har vi prøvd å ta vare på det mest verdifulle stoffet frå Alvestad.»

Boka endra navn frå «Norsk songbok» til «Songbok for folkehøgskolen». Innholdet har dreid frå emne som «Fedrelandssongar» og «Norsk reising» til «Viser» og «Negro Spirituals». Det er 42 engelske songar. I 1991 kom det ut ei blålilla bok med 100 fleire songar, men den var likevel ganske lik 1982-utgåva.

I 1998 kom ein ny revisjon, som representerte nok ei ny, stor endring. Reidar Skagestad, som då var rektor på Romerike Folkehøgskole, satt i songboknemnda. Tittelen vart endra attende til «Norsk sangbok», og kom ut i ei helt ny form og farge. Boka var oransje. Ho er ikkje delt inn i emne.. Mandatet til songboknemnda var:

«Nemnda skal presentere den folkelege songtradisjonen og tradisjonen med song i folkehøgskulen. Den nye songboka skal ha innslag av salmar, nasjonale og nordiske songar og songar frå ikkje-nordiske land. Nemnda skal finne fram til nyare songar og viser som speglar samtida på ein god måte.»

I føreordet står det at nemda har teke med ei rekkje populære songar frå ungdomskulturen i 1950 og 1960-åra, og at musikalstoff og julesongtradisjonen var vektlagt. Det står vidare at linja attende til Alvestad er markert, samstundes som nemda ikkje finn det problematisk å kalle ei bok som og har engelsk innhald, for norsk.

Boka vi nyttar i dag er frå 2012. Emna er

Barnesongar, Julesongar, Religiøse songar, Spirituals og afrikanske songar, Songar frå musikalar og filmar, Ballader, Pop og rock, Jazz og latin og Folkemusikk

Innholdet var i 1958 i mykje større grad enn i dag prega av norskdom, fedreland, folkesong  og kristendom enn dagens utgåve. I dagens songbok er det 160 engelske songar, ein tysk, ein fransk og nokre afrikanske og latinamerikanske songar.  Resten er nordiske. Det engelske språket har vorte meir og meir dominerande på bekostning av norsk og andre språk. Det er bra med eit felles globalt språk som engelsk, men morsmålet er helt grunnleggjande i Grundtvigs skuletankar. Inntrykket mitt er at fleire og fleire norske artistar vel å synge på norsk. Det er bra i eit samfunn kor engelsk språk dominerer på så mange område. Eg trur og at det er lettare å skrive poetiske, utrykksfulle  og gode tekster på eige morsmål enn på engelsk, så det er å håpe at fleire og fleire låtskrivarar nyttar norsk språk.

Det er verdt å merke seg at emnet «Negro spirituals» frå bøkene på 80- og 90-talet har vorte til «Spirituals» i 2012-utgåva. Det har å gjere med ord ein ikkje nyttar lenger, sjølv om «Negro spirituals» seier noko om kvifor denne musikken oppsto nettopp hos svarte i slavetidas USA, som ei blanding av afrikansk og europeisk/amerikansk musikk, med kristent innhald. Innhaldet var ofte knytta til lengting etter fridom. Sjangeren har hatt stor påverknad på seinare populærmusikk.

På Romerike Folkehøgskole hadde vi for et par år sidan ei avstemming over kva for songar frå songboka vi ønska å ha som allsong minst ein gong i løpet av skuleåret. Dei ti som fekk flest stemmer var:

De nære ting, Så seile vi på Mjøsa, Vårherres klinkekuler, Hva solskinn er for det sorte muld, Mellom bakkar og berg, Å for ein strålande morgon, Lykkeliten, Kråkevisa, Jeg snører min sekk og Jeg råde vil alle i ungdommens dager.

Eg presenterte dette for årets kull. Dei byrja å le. Eg trur dei syntes det var vel traust. Dei vart etterpå utfordra i grupper for å foreslå kva for ti songar dette kullet ville ha i ei ny songbok. Resultaett (dei ti songene som fekk flest stemmer), var:

Fairytale (Alexander Rybak),Føkk lunsj (Karpe),Grace Kelly (Mika),-Har du fyr (Hekla stålstrenga), I want it that way (Backstreet Boys), Lite og stort (No. 4), Pianoman (Billy Joel), Riv i hjertet (Sondre Justad), Spis din syvende sans (Karpe), Vi er perfekt men verden er ikke det (Astrid S.)

Vi skal lytte til dei unge.. Men dei unge skal og lytte til godt vaksne.  Og alle skal vi lytte til dei som levde før oss. Det ligg mykje folkeopplysning og allmenndanning i vår nasjonale- og nordiske songskatt.

Alvestads 1958-utgave hadde 622 songar. Den kvite  2012-utgåva har  ca 700. 46 songar har klart å «overleve» frå 1858-utgåva og til den nyaste boka. Stikkord for desse songane er: fedrelandssongar, folkeviser, folketonar, salmar, songar og salmar av Grundtvig, julesongar, dei nordiske nasjonalsongane, nynorske songar og  songar frå 1800-talet. Det blir interessant å sjå kva songar av desse som kjem med i songboka som kjem i 2021.

Her er dei songene som står i både den eldste og den nyaste songboka frå biblioteket på Romerike Folkehøgskule:

 

 

Tittel Tekst Melodi Sjanger Språk
Alltid freidig når du går C Richards 1867

 

C.E. Friedrich Weyse 1838 Salme Norsk.  Bokmål. Oversatt
Astrid, mi Astrid Omdiktning etter Horats: Hans Hanson 1816 Lindeman 1850 Folkevise nynorsk
Blant alle lande i øst og vest Ole Vig 1850 Hans Mathisson-Hansen ca 1850 Fedrelandssong Norsk. Bokmål
Blåmann Aasmund O. Vinje

Før 1897

Anne Håvie 1870  Norsk vise nynorsk
Dei gamle fjell i syningom Ivar Aasen

1863

Norsk folketone Norsk vise Nynorsk
Deilig er den himmel blå N.F.S Grundtvig

1810

Melodi fra Danmark Julesong Dansk. Oversatt til bokmål
Deilig er jorden B. S. Ingemann 1850 Breslau 1842 Julesong Bokmål. Oversatt fra
Den fyrste song Per Sivle 1877 Lars Søraas Norsk vise Nynorsk
Der er et yndigt land Adam Oehlenschlâger 1823 Hans Ernst Krøyer 1820 Dansk nasjonalsong Dansk
Det hender seg ofte Petter Dass

1703

Ole Olsen Opprinnelig en

bryllupssong

Norsk
Det leikar so mangt (Trollvise) Hulda Garborg Islandsk folketone Folkevise Nynorsk
Det var en lørdag aften Trad 1800 Dansk folketone Folkevise Dansk
Du gamla, du fria Richard Dybeck 1844 Svensk folketone Svensk nasjonalsong Svensk
Eg gjette Tulla Trad Norsk folketone Folkevise Nynorsk. Telemark
Eg heiter Anne Knutsdotter Claus Pavel Riis

1865

Norsk folketone Folkevise Nynorsk
Eg heiter Håvard Hedde Norsk folketone Folkevise Nynorsk, Setesdal
Eg veit ei lita jente G.R Schirmer Norsk folketone Folkevise Nynorsk
Er lyset for de lærde blot Grundtvig Erling Lindgren 1984 Folkehøgskole Dansk
Et jævnt og muntert, virksomt liv på jord Grundtvig 1839 Thomas Laub 1920 Folkehøgskole Dansk
Fagert er landet Anders Hovden Melchior Vulpius fedrelandssalme Nynorsk. Oversatt?
For Norge, kjæmpers fødeland Johan Nordahl Brun Andrê Gr’etry fedrelandssong Bokmål
Gud sign vår konge god Engelsk nasjonalhymne ca 1860 N. Vogtmann 1879. Norsk: Gustav Jansen 1915 Thesaurus Musicus  Londan 1744 Bokmål, oppr. engelsk
Herre Gud ditt dyre navn og ære Petter Dass 1698 Norsk folketone fra Ørsta Salme Bokmål.
Hu hei! Kor er det vel friskt og lett Kristofer Janson Norsk folketone Vise Nynorsk
Hvad solskinn er for det sorte muld Grundtvig

ca 1850

Thomas Laub Folkehøgskole Dansk
Ingrid Sletten Bjørnstjerne Bjørnson Rikard Nordraak Vise Bokmål
Ja alle saman me  med lyt vera Olaus Alvestad Norsk folketone Fedrelandssong Nynorsk
Ja lat oss strida og lat oss tru (Strid for fred) Arne Garborg

Før 1894

Carl Gustav Sparre Olsen Fedrelandssong? Nynorsk
Ja vi elsker dette landet Bjørnstjerne Bjørnson Rikard Nordraak Norges nasjonalsong Bokmål
Jeg er havren Jeppe Aakjær 1916 Aksel Aagerby 1916 Vise Bokmål
Kom mai du skjønne milde Christian Adolf Overbeck før 1821 Mozart Vårsong Bokmål
Kristallen den fina Svensk folketone Svensk folkevise Svensk
Mellom bakkar og berg Ivar Aasen

1863

L.M Lindeman Fedrelandssong Nynorsk
No livnar det i lundar Elias Blix 1875 LM Lindeman Salme Nynorsk
No ser eg atter slike fjell og dalar A.O Vinje 1860 Edvard Grieg Nasjonalromantikk Nynorsk
Norge, mitt Norge T. Caspari

Før 1901

Alfred Paulsen Fedrelandssong Bokmål
O, Gud vors lands M. Jochumsson

1874

S. Sveinbjørnsson Islands nasjonalsong Islandsk
Og vesle lerka Per Sivle før 1896 Lars Søraas Norsk vise Nynorsk
Pål sine høner Utgitt i bok 1863 Norsk folketone fra Gudbrandsdalen Norsk folkevise Nynorsk
Se Norges blomsterdal Andreas Aabel

Ca 1850

Tysk folketone Folkevise Bokmål
Småsporven gjeng i tunet Arne Garborg

Før 1895

Catharinus Elling Folkevise Nynorsk
Til lags åt alle kan ingen gjera Ivar Aasen

Før 1863

Norsk folketone Norsk vise Nynorsk
Vår Gud han er så fast en borg Martin Luther

 

Martin Luther. Norsk tekst: Landstad Salme Bokmål
Vårt land, vårt land J. L. Runeberg 1846 Fredrik Pacius 1843 Finlands nasjonalsong Svensk. Oversatt fra finsk?
Å, eg veit meg eit land Elias Blix

Før 1896

Anton Thomsen Nasjonalromantikk Nynorsk
Å leva det er å elska Anders Vassbotn 1893 Per Stenberg 1923 Salme Nynorsk