Meir praktisk kunnskap – ein skule for livet

Berre 60 prosent av elevane fullfører
vidaregåande skule på normert
tid. Dette er eit nasjonalt
traume. Redaktøren etterlyser i
Dag og Tid nr. 34 meir praktisk
kunnskap i skulen. Her treffer
Gjerdåker spikaren på hovudet,
bokstavleg tala.

Berre 60 prosent av elevane fullførervidaregåande skule på normerttid. Dette er eit nasjonalttraume. Redaktøren etterlyser i Dag og Tid nr. 34 meir praktiskkunnskap i skulen. Her trefferGjerdåker spikaren på hovudet, bokstavleg tala.
————————–

Det er ei formidabel utfordring å leggje til rette for mangfald, meistring og motivasjon for heile elevårgangen, kvart år. Det er jo nettopp dette som gjer skulen spanande og utfordrande.
Utdanningsdirektoratet gjennomfører i perioden 2013–17 ei storstila satsing med namnet

Claus Røynesdal, rektor Voss fhs

«Ungdomstrinn i utvikling». Målet er å finne fram til meir varierte, spanande og motiverande former for undervisning, slik at fleire elevar i ungdomsskulen opplever læringsglede og meistring. Dersom fleire elevar finn ungdomsskulen meir gjevande og utbyterik, vil fleire fullføre vidaregåande skule.
Det er eit paradoks at problemet fråfall hovudsakleg vert problematisert av fylkeskommunane og dei vidaregåande skulane. Saka er i røynda at fråfall må sjåast i ljos av opplæringa i grunnskulen. Problemet må i større grad adresserast, som ei«sjølvmelding», til kommunane som grunnskuleeigarar. Dersom kommunane hadde eigd vidaregåande skule, ville fråfall vore eit hovudtema til ordførar, rådmann og oppvekstsjef. Slik er det ikkje i dag, av di det er nokon andre som «eig» problemet.

Folkehøgskolen treffer
I folkehøgskulen treffer vi ungdom som vil ha varierte, spanande og motiverande undervisningsformer. Dei vil gå i djupna på eit fag, men ikkje gå opp til eksamen. Dei vil øve, utan å ta prøve. Musikkelevane våre vil ha praktisk undervisning og gatekonsert på Vossajazz. Etter å ha målt krefter med Raundalselva får elevane på ekstremsportlina ei fossande forståing for varig vern av vassdraget. Elevane på film og foto lagar seg nye framtidsbilete.
Folkehøgskulane er eit skuleslag for resten av livet. Dei åtti skulane har over tre hundre ulike linjer, slik at ungdom kan velje fordjuping, forståing og utfordring på ei rekkje fagområde. Kanskje det beste skotsmålet til folkehøgskulane er nettopp at ungdomane finn att gløden og læringsgleda, at dei er teoretisk og praktisk førebudd til vidareutdanning.
I skuleåret 2016–17 har folkehøgskulane i Noreg 107 prosent dekning, og tilbodet er større etterspurt. Vi kan sjå det som eit teikn på at ungdom vil ha ei opplæring som er praktisk og livsnærverande. Satsinga på meir varierte og motiverande undervisningsformer i ungdomsskulen må halde fram etter 2017. Det er her «slaget» står.

Claus Røynesdal
er rektor ved Voss folkehøgskule.
(Kilde Dag og Tid nr 42 2016)