Minneord – Kjell Nyland – Namdals

For nokre dagar sidan fekk vi bodskapen om at vår kjære «kårkall» og tidlegare styrar Kjell Nyland hadde gått bort. Rett nok visste vi at dagen ville kome. Kjell, du vart nesten 90 år og helsa var ikkje lenger like god som da du sprang med elevane på Geitfjellet. Men vi er aldri heilt førebudd, og sorga tok oss – samstundes som varme tankar gjekk til Solveig og familien som mista sin gode kjæraste, far og bestefar.

Kjell kom til Grong og Namdals folkehøgskole i 1957. Først var han lærar fram til 1969, da han tok over som styrar etter Vermund Benum. I Kjell si tid gjekk skolen gjennom ei rivande utvikling – frå gamal til ny tid. Etter krigen var skoleanlegget i Grong svært nedslitt, etter at okkupasjonsmakta hadde halde hus i dei flotte trebygningane frå 1936. Det kosta mykje arbeid og pengar å sette hovudbygga i brukbar stand, og etter kvart auka søkninga til skolen slik at det måtte nybygg til. Frå 1967 og frametter 70- og 80-talet vart det bygd nye internat og undervisningbygg. I 1980 sto ei heilt ny medieavdeling klar i den gamle «guteborga» på loftet over gymsalen, og i 1990 kom eit tredje internat til med 20 enkeltrom.

Gjennom 70-talet gjekk folkehøgskolen i Noreg gjennom ei kraftig fornying; bølgene frå ungdomsopprøret i 1968 strøymde inn i dette opne og liberale skoleslaget – og styrar og lærarar måtte følgje med i den nye tidas pedagogikk, der likeverd, likestilling, fredsarbeid og engasjement i folkelege rørsler vart ein viktig del. Kjell var ein god og tydeleg leiar, og det fall lett for han å koble desse nye tankane til Grundtvig sin skoleide. Han møtte ungdommane med interesse og engasjement, og mange skildrar han som den beste læraren dei har hatt. Han var flink til å rekruttere lærarar som kunne vere med å utvikle skolen, og vere ressursar i det lokale kulturlivet – og han gjorde Namdals folkehøgskole til ein viktig kulturarena. Skolen vart scene for både Riksteateret og Rikskonsertane, og sjølv var han ivrig korsongar i Mannskoret Luren og Grong Blandakor. Kjell var og varaordførar i Grong i ein periode, og viste stort engasjement for utviklinga i heile Namdalen.

På 80- og 90-talet endra elevrekrutteringa seg gradvis; frå å ha hatt elevar frå Namdalen, Innherred og Helgeland, kom det no elevar frå heile landet. Det kom og elevar frå alle verdsdelar til Grong for å lære om norsk språk og kultur. Dette internasjonale innslaget vart viktig for skolen, og skapte mange verdfulle kulturmøte mellom bygda og ungdom frå heile verda.

Kjell og Solveig budde på skolen, og er viden kjende for å vere eit særs godt vertskap; anten det var kjende artistar eller forfattarar, eller ein engsteleg 17-åring som skulle flytte heimefrå for første gong – så opna dei heimen sin. Dei to følgde gjerne elevane heile livet, og fann lett igjen tonen med gamle elevkull etter mange tiår. Då dei nådde pensjonsalder fekk dei begge H.M. Kongens Fortenestemedalje. Men vi greidde ikkje å sleppe taket i dei, og utnemnde dei til «kårfolket vårres».

Dei har begge to vore gode til å sjå om skoletunet og tilsette, og som leiar i Namdal Høgskolelag gjorde Kjell ein uvurderleg innsats for å mobilisere tidlegare elevkull og styrke Namdals folkehøgskole.

Kjell og Solveig Nyland har alt i mange år vore ein svært viktig del av historia til Namdals folkehøgskole. Vi er takknemlege for at vi har så mange gode minne om Kjell, og vi lover å halde folkehøgskolefanen høgt i hans ande. Vi lyser fred over Kjell Nyland sitt minne, og bøyer oss i djup takksemd for livsverket han ga til Namdals folkehøgskole.

Bjørn Olav Nicolaisen