Frilynt folkehøgskule har eit særskilt tilbod som er vårt

Det er med en viss stolthet vi snart presenterer et temanummer av magasinet Folkehøgskolen om begrepet frilynt. Det har tatt tid å sirkle inn dette, og det er ganske sikkert at vi hverken stiller med en fasit eller svar på hva begrepet betyr i dag og om det i det hele tatt er relevant og brukbart.
Her skriver leder i Folkehøgskoleforbundet, Einar Opsvik, sin leder i temanummeret som nå er på oppløpssiden.

Dette nummeret av «Folkehøgskolen» er eit temanummer og eit bidrag inn i ordskiftet omkring omgrepet «frilynt».

IF-kontoret har sett i gang eit prosjekt der ein siktar på å sette ord på kva frilynt betyr i dag. Folkehøgskuleforbundet blir også invitert inn i og tar del i prosessen og diskusjonen. Frilynt folkehøgskule har behov for å definere sine verdiar og ideal klart og sjå kva konsekvensar dette får for vårt samfunnssyn og skulesyn. For informasjonskontoret er dette viktig for å drive marknads­føring, slik at det er klart for nye søkarar kva vi står for og kva ideal vi held høgt.

Den frilynt rørsla på andre halvdel av 1800-talet hadde mykje å kjempe for. Dei var liberale og radikale både i sitt samfunnssyn og si tilnærming til religion. Vi kjenner mange eksempel på menneske som var svært kunnskapsrike og kjempa for allmenn opplysning og ein ny samfunnsorden. Dei var viktige bidragsytarar i danninga av eit nytt demokrati og ei norsk nasjonalkjensle. Både lokalt og nasjonalt vart denne rørsla møtt med mistanke og motstand. Nye radikale idear om korleis samfunnet kunne organiserast genererte ein skepsis som igjen førte m.a. til opprettinga av amtsskulane og seinare dei kristne ungdomsskulane. Dei som stod i stormen ofra mykje og måtte tole både kritikk og motstand.

Den ufridomen som dei frilynte og radikale kreftene protesterte mot på 1800-talet er ikkje like lett å sjå i dag. Problema er både på eit globalt nivå,- og har ei digitalt perspektiv. Verda er meir komplisert og nyansane er mange. Det er såleis vanskelegare å sjå både kva ein har å kjempe for og å finne dei gode løysingane. «Folkelig danning» er i vårt nye prinsipprogram m.a. definert som evnen til å vere merksam på den verda vi lever i. Når mange av våre skular tar med elevar på reiser rundt om i verda, og nyttar «Globalvettreglane» som vegvisar skulle det ikkje vere vanskeleg å sjå at mange stader er demokrati og ytringsfridom under press, og det menneskesyn vi held høgt i folkehøgskulen er ikkje like verdsett overalt.

Dei som var aktive i den frilynte rørsla på 1800-talet tok konsekvensane av det dei lærte og meinte om si eiga samtid. Dei stod i ein kulturkamp. Dersom vi redefinerer og klargjer ordet «frilynt» i dag og tilfører det verdiar som vi meiner er viktige, bør dette også få inspirere oss til å vere klare på kva vi vil stå for, stå opp for, og markere i dag. Eg kan slutte meg til Roar Rønning si poetiske formulering: «Frilynt folkehøgskule har eit særskilt tilbod som er vårt, og som er brød og vin i samtid og niste inn i framtida.»

Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet