Ny rektor ved Sunnhordland folkehøgskule

Rektor Mona Økland (65) ved Sunnhordland folkehøgskule har bestemt seg for å gå av med pensjon. Nå har styret ved skole tilsatt Bente Sjo som ny leder. Det var ti søkere til rektorstillingen.

Pressemelding fra Sunnhordland folkehøgskole:

 

Vi er svært glade for å kunne ynskje Bente Sjo velkomen som ny rektor på Sunnhordland folkehøgskule! Sjølv om ho ikkje har jobba her tidlegare, har ho hatt eit nært forhold til skulen heilt frå ho var lita.

Dei siste åra har Bente jobba som lærar på Øyatun skule. Alt i alt har ho ein brei bakgrunn frå skuleverket, m.a. som undervisningsinspektør og sosiallærar. I tillegg har ho vore aktiv i frivillig arbeid. No gler ho seg til å bli kjent med og bidra til å utvikle folkehøgskulen vidare  i nært samarbeid med resten av dei tilsette på skulen.