Demokrati eller diktatur i klimakampen

Klima- og miljøproblema har tekniske og psykologiske men også demokratiske utfordringar. Det kan sjå ut som demokratiet ikkje evnar å sette inn dei tiltak som er tunge nok til at vi kan nå dei mål vi har sett oss fram mot 2030 og 2050. Framleis er dommedagsprofetiane dominerande i avisspaltene, og eksempel på at politikarar ikkje gjer vedtak som har tilstrekkeleg langsiktig effekt ser vi dagelege eksempel på.

Dette skaper frustrasjon og svekker tilliten til demokratiske institusjonar. Det foregår eit ordskifte i debattspaltene om demokratiet si rolle og evne til å løyse dei utfordringane vi står i. Det blir m.a. peika på utfordringa politikarar har om endre perspektivet frå eit fire-års-perspektiv til eit hundre-års-perspektiv. Gapet er stort.

Forholdsvis sterke røyster i det offentlege ordskiftet har heilt sidan 70-talet hevda at klimakampen er avhengig av meir diktatoriske styresett der vi overlèt kommandoen av samfunnet, politikken og utviklinga til ei form for opplyst einevelde. Dette er ein skremmande tanke og fjernt frå dei ideal folkehøgskulerørsla har halde høgt heilt frå starten midt på 1800-talet. Forskarar på autokrati tilbakeviser også dette ved å peike på autokratia sine svakheiter og kortsiktige horisont.

Motstemmene fornektar ikkje at dette er eit problem, men set fokus på at vi må intensivere arbeidet med demokrati og arbeide for nye demokratiske institusjonar og ordningar som heller utvidar og vidareutviklar demokratiet. Så langt i vår historie har vi heller ikkje sett gode døme på at autokrati eller diktatoriske variantar har ivaretatt naturen sine behov betre enn andre styresett.

Demokrati er også langt meir enn val og politikk. Det handlar m.a. også om eit aktivt sivilsamfunn,  folkeleg medvit og engasjement, og her ligg folkehøgskulen sitt viktige bidrag. Det er viktigare enn nokon gong å vere bevisst på at vi arbeider med demokratisk danning. Sivilsamfunnet, i samspel med politikarar og næringsliv er viktig for demokratiet og kan ha stor kraft. Ein kan enkelt skape nærleik til politikken ved t.d. å invitere lokale politikarar inn på folkehøgskulane til debatt eller samtale.

Dei humanistiske verdiar som folkehøgskulen bygg på og dei verdigrunnlag som er formulert på den einskilde skule, i kombinasjon med dei daningsideal vi freistar å sette ut i livet, har som overordna mål å skape demokratiske medborgarar. Arbeidet i fag og med fag med dialogen som pedagogisk tilnærming er våre viktigaste reiskap. Læraren sine evner til å sette aktuelle tema på dagsorden og opptre som veileder er eit suksess­kriterium.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at vi lever i ei tid der det kan sjå ut som dialogen har tronge kår, kanselleringskulturen breier om seg og ekkokammer hindrar eit konstruktivt ordskifte. Dette pregar også ungdomskulturen. Det rettferdiggjer likevel ikkje at vi skal underkaste oss ein diktatorisk framtids-dystopi der våre grunnleggande ideal om fridom er sett til side. Folkehøgskulen skal vere folkeleg, demokratisk og politisk. Det kan til tider synast som det ikkje nytter, men vi kan bidra til gode løysingar og har fridom til å tenke i eit hundre-års-perspektiv. Folkehøgskulen representerer ei lita gruppe, men kan ha stor påverknadskraft! Den berømte antropologen Margaret Mead har tru på krafta i sosial samhandling og seier det slik: Never doubt that a small group of thoughtful, committed citizens can change the world; indeed, it’s the only thing that ever has. Det er slik demokratiet blir verkeleggjort og det slik folkehøgskulen kan bidra til å forandre verda. Frå landsmøtet på Skogn I 2019, har vi tross alt tatt mål av oss til å vere “I front for det grøne skiftet”. Dette arbeidet må halde fram!

Einar Opsvik,

Leiar i Folkehøgskoleforbundet