Til Hallingdal som rektor

Tore Haugen blir ny rektor på Hallingdal Folkehøgskule.
Denne veka bestemte styret i Hallingdal Folkehøgskule seg: Av dei ti som har søkt rektorstilling frå hausten av, skal Tore Haugen leie Skaga frå 1. august. Haugen er i dag aktivitetskoordinator i Geilo Idrettslag.    – Det blir utruleg spennande å kunne få jobbe ved ein folkehøgskule. Eg har mykje erfaring frå sal og marknadsføring i reiselivet, har erfaring frå Forsvaret og har dei siste åra jobba veldig mykje med idrett og barn og unge. Hallingdal
   Folkehøgskule har slite i nokre år no, med elevmassen og økonomisk, og me har gått ein periode utan rektor. No har me ein jobb framfor oss der me må stå på alle saman, ikkje minst eg når eg startar, seier Haugen.


– Kva skal du gjere for å snu trenden med få elevar på Skaga?
– Eg trur me kan bli flinkare på fleire område, og først og fremst trur eg det ligg ein jobb i sal og marknadsføring. Mange folkehøgskular tilbyr mykje av det same som me gjer. Då må me vere mykje flinkare enn dei til å nå målgruppa vår. Eg gler meg til å få lære av dei som alt jobbar på Skaga, og saman skal me verkeleg brette opp ermane og vere stolte av at me ligg i Gol og Hallingdal. I samarbeid med reiselivet i heile Hallingdal skal me bruke det for alt det er verdt, seier Haugen.
Hyppig leiarskifte

   Tore Haugen blir i august den fjerde rektoren ved Hallingdal Folkehøgskule på fem år. Styreleiar Per-Egil Kolsrud trur ikkje folkehøgskulen har teke skade av dei hyppige leiarskifta.
– Nei, me har halde ein stø kurs med dei siste to rektorane og har lagt eit godt grunnlag for økonomien framover. Me har betre økonomisk styring og har redusert lønskostnadane. May-Evy Bakken gjer ein viktig jobb for oss dette året. Frå hausten av meiner me Haugen er rett mann på rett plass, seier Kolsrud.

Klippet fra Hallingdølen