Ledig rektorstilling Voss

Lasse Sandberg gir seg som rektor ved Voss folkehøgskule etter seks år i rektorstolen.
—————-
Stiftinga Voss Folkehøgskule søkjer ny rektor frå 1. september.

Rektor har ansvar for den totale drifta og utviklinga av skulen, for skulen sitt personale, det pedagogiske opplegget, elevane og økonomien. Rektor rapporterer til styret for skulen.

Vi søkjer etter ein rektor som er ein tydeleg og involverande leiar med positiv utviklingsvilje og gjennomføringskraft. Du må identifisera deg med folkehøgskulen sitt idégrunnlag, kjenne til arbeidet i folkehøgskulen og avtaleverket.
Du må ha god forståing for økonomi, vere ein pådrivar, motivator og pedagogisk leiar, ha eit raust menneskesyn, god arbeidskapasitet og vere ein strukturert person med godt humør. Vi ynskjer at du har pedagogisk utdanning og leiarerfaring frå skule, gjerne folkehøgskule.

Voss Folkehøgskule ligg vakkert til ved Vangsvatnet like utanfor Vossevangen . Skulen har ca 100 elevar fordelt på 6 linjer, 9 lærerar, til saman 22 tilsette.

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskole. Utvikling av det sjølvstendige og deltakande menneske står i sentrum. Den gode, opne samtalen er sentral – i utvikling av den enkelte og av heile skulen. Du må like å være saman med unge som står på terskelen til vaksenlivet.

Løn etter avtale. Vi kan tilby eigen bustad på skulen.

Nærare informasjon: rektor Lasse Sandberg 950 22 202 / styreleiar Unn Fauskanger 918 02 952.

Send søknad med fullstendig CV, attestar og referansar til Styret for Stiftinga Voss Folkehøgskule, post@voss.fhs.no

   seinast 14. mai.