Debatt: Treng me folkehøgskulen?

Svar på
innlegget Treng me folkehøgskulen av
Torbjørn Ljones (se under) fra Trond Instebø – rektor ved Hardanger folkehøgskule.
Først og
fremst vil eg sei at eg er glad for at du bryr deg om folkehøgskulen! Og det
faktum at du ynskjer fleire skular velkomen tydar godt. Eigentleg ville eg
berre oversjå heile innlegget, men det er for mange uttalelsar som må
korrigerast. Men eg er svært usikker på korleis eg skal tolka

lesarinnlegget
ditt.

   Kor
vil du? Kva er agendaen? Du svarar i allefall ikkje eintydig på ditt eige
spørsmål i overskrifta. Tankane går umiddelbart tilbake til Unge Høgre sine
utspel i samband med Statsbudsjettet for eit par år sidan, men det virkar ikkje
å vera Statsbudsjettet og overføringar du har i tankane? Eller?
   Her der det sausa saman mykje tankar,
oppspinn, ironi , slengbemerkningar, feil og fakta om kvarandre i eit og same
innlegg. Ikkje har det ein særskilt retning heller som gjer det lett for
lesaren å skjøna kva du eigentleg meiner. Å dra tragiske ulukker, som
folkehøgskuleelevar har vore utsett for, t.d. bilulukka i Kenya og jordskjelvet
i Nepal inn i argumentasjonen din er direkte ufint. Ulukker kan skje overalt,
men tryggleik for elevane er viktigast av alt. Uansett kor dei er.

   Finn vi det eigentlege budskapet ditt skjult
i siste avsnitt der du skriv at» Det er våre skattepengar som vert brukte, og i
tronge tider må dei syna at pengane går til gode og rette tiltak» ( … ) Eit
døme er Friluftsliv – idrett på Voss folkehøgskule». Er det fordi dei «berre»
reiser til Spania/Lanzarote…? Eller er det noko anna som gjer denne linja mykje
betre enn andre som reiser lengre?
   Det minste vi kan forlanga er at du er
presis i budskapet ditt. Er du det kan vi argumentera, men her veit eg ikkje
heilt kva eg skal angripa, særleg når du midt inne i innlegget ditt skriv at
«folkehøgskulen må framleis vera eit alternativ skule med vekt på opplevingar,
ungdommeleg samver og kreative fag». Og i avslutninga ; «Folkehøgskulane må
vera i tida, gjerne før si tid». Likevel tenkjer du at den folkehøgskulen som
Tarjei Vesaas møtte på starten av 1900-talet er idealet. Det kan vel ikkje
kallast å vera før si tid!
   Eg har ei kjensle av at du aller helst vil
reisemåla til livs, og det er heilt legitimt. Alle skular, eller andre
institusjonar, som har reising som ein del av opplegget sitt må vera vakne for
kva det vil sei i fht klimaspørsmålet, kortreiste opplevingar, pengebruk, etc.
Eg er sikker på at Lillehammer vidaregåande skule også er bevisst dette når dei
legg opp til at elevane skal oppleva verda utanfor Gudbrandsdalen, som t.d.
Reiselivslinja di.
   Eg kan lova deg at vi drøftar dette internt
på kvar skule før ei reisa vert planlagt, vurderingar i fht økonomi, det
miljømessige fotavtrykket, reisas mål og innhald. Ein skal ikkje undervurdera
den lærdomen ein kan få ved å venda seg utover landegrensene, korkje
kulturellt, i fht læring og aksept og forståing for andre tradisjonar. Og det
er også slik at litt av aktivitetane og lærdomen kan ein kanskje ikkje få i
Norge, men samtidig veit vi godt at den reiseverksemda som foregår no kan vera
i meste laget. Det tar vi innover oss, og eg kan beroliga deg med at det
foregår diskusjonar rundt dette, bl.a. i regi av prosjektet Folkehøgskule og
bærekraft.
   Vi er ein av skulane som har ei Cosplay-linje,
som du sleivete omtalar som ei av fleire merkelege hobbylinjer. Om du set deg
det minste inn i kva dette er vil du fort oppdaga at dette er ein del av eit
stort verdsomspennande japansk fenomen og kulturutrykk. Kva er då betre enn å
ta elevane med til Japan for å møta denne kulturen ansikt til ansikt, for å sjå
kor det heile starta? Og for å læra meir! Det er eit viktig poeng i alle
skulereiser. Dessutan er ikkje Cosplay ein gøyal utkledningsaktivitet, men
faget tar vare på søm, teikning og forming generelt som eit viktig
handverksfag. Det du ikkje får fram er at elevane i 95% av tida driv med
opplæring i søm og formingsteknikkar – med stor motivasjon for faget!
   Vi er bevisst våre reisemål.
Dei blir ikkje lagt i ein hatt og tilfeldig utvalgt, men skal vera relevant for
det fordjupningsfaget elevane har kome til skulen for, og ha ein meirverdi
utover reisa i seg sjølv.

   Til slutt; I Hardanger finn du berre ein
folkehøgskule, ikkje to slik du skriv. Den ligg på Lofthus og har drive
uavbrote sidan 1912. Og der er dei ,sitat; « i ein ( … ) danningsprosess heile
skuleåret. Dei lærer seg, saman med andre, å verta gode menneske til nytte for
både seg sjølv og andre». Og på det området har vi ikkje flytta oss ein cm frå
den skulen Tarjei Vesaas møtte på Voss.

Trond Instebø, rektor Hardanger folkehøgskule