Treng me folkehøgskulen?

Innspill av Torbjørn Ljones rektor ved Lillehammer
vidaregåande skule
Folkehøgskulane har eit godt omdømme. Skuleslaget har lange
tradisjonar og er spreidde ut over heile landet. Dei siste åra har
elevtilgangen vore god og skulane er trygge. Det er svært vanskeleg å starta
opp nye skular, men få gamle er nedlagde. Mange har fått nytt liv, og enkelte
har dobla søknadene på få år. 
   SLIK HAR DET IKKJE alltid vore. Sidan
det å gå på folkehøgskule er frivillig og ikkje ei lovpålagt
verksemd, har elevtalet svinga. På 80-talet, under og etter den økonomiske
krisa, var mange nede i en djup bølgedal og fleire skular måtte leggja ned. Eg
var sjølv rektor på

ein folkehøgskule i 1987 som brann ned og aldri
kom seg i gang att.

   Det ser nesten ut som om ungdommen i
dag aldri klarer å bestemma seg for kva dei skal bli når dei vert «vaksne».
Stundom kan det sjå ut som om me utset både alderdom og vaksenliv i lengste
laget. Dette er ein av grunnane til at 19-åringane søkjer seg til folkehøgskule.
Livet etterpå er ein jungel av tilbod og dei treng dette året for å finna ut av
kven dei er og kva dei vil. 

   NO MEINER EG at rektorane på
folkehøgskulane må sjå litt på kva folkehøgskulane har vore opp gjennom tidene.
Konkurransen mellom dei har ført til stadig nye og dristige reisemål, all slags
merkelege hobbyliner og tilbod som nesten går på livet laust for elevane.
Tragisk nok er det fleire norske folkehøgskuleelevar som er omkomne
på turar og ekskursjonar.

   Bjerkely folkehøyskole har
lina «Cosplay&Cons og skriv: «Tenk deg et skoleår …. I et hjørne sitter
en «Ork» og finpusser rustningen sin laget av Worbla mens Rapunzel nynner i
vinduskarmen og grer parykken».

   Høgtun Folkehøgskule er
opptekne av det asiatiske og skriv til nye elevar at dei har eit tilbod som
heiter «Pudder Japan H20». Dei skriv litt om kva dei gjer i faget: «Lek deg i
bunnløs pudder i Japanske skoger og grip vannflatens mange muligheter. »

   DET ER HEILT sikkert at dei er komne
eit stykke både geografisk og åndeleg bort frå den skulen Tarjei Vesaas møtte
til på Voss rett etter førre århundreskifte. Då var folkehøgskulen kanskje
den einaste utdanninga elevar frå landsbygda fekk etter ein kort grunnskule.
Rekning, norsk, historie og landkunna (geografi) var sentrale fag.

   Elevane fekk del i ein danningsprosess,
dei lærde seg, saman med andre, å verta gode menneske til nytte for både seg
sjølve og andre. Og Tarjei, som kom heilt frå Telemark, lærde nok littt om å
skriva godt norsk. Folkehøgskulen må framleis vera eit alternativ
skule med vekt på opplevingar, ungdommeleg samver og kreative fag. Det siste er
forsømt i den norske grunnskulen heilt fram til siste året i vidaregåande.

   Men det kan koma tider med motgang.
Regjeringa har i fleire omgangar trua med at folkehøgskulane skal få færre
skattekroner i litt knipne tider. Og dei få fylkekommunale skulane er pressa.
Éin er nedlagd. Då trur eg ikkje skulane med dei vanvittigaste reisemåla
og dei dristigaste fjellklatrartilboda vil vera dei beste rollemodellane. Me
snakkar mykje om kortreiste tilbod og grøne skifte. Då vil det ikkje vera rett
å reisa til Japan for å grava seg ned i kunstig snø. EG TYKKJER DET BØR
vera fleire folkehøgskular. På Voss er det éin, i Hardanger to. Det er natur og
kultur nok til éin til i fjorden. Men då må han finna attende til røtene. Folkehøgskulen skulle
vera for alle samfunnslag, kanskje særleg for dei med små økonomiske ressursar.
Elavane skulle læra for livet, også grunnleggjande ting som å skriva og rekna
rett. Og dei var svært ofte praktisk innretta, elavane lærde tradisjonelle
handverk, lærde å rydda, laga mat og vaska golvet. Dette er det ikkje alle som
kan etter tre år på vidaregåande skule!

   Folkehøgskulane må vera i tida, gjerne
før si tid. Men det er våre skattepengar som vert brukte, og i tronge tider må
dei syna at pengane går til gode og rette tiltak. Eitt døme er
«Friluftslividrett» på Voss Folkehøgskule. Men «Fitness/PT, Bali/Afrika/
USA» må finna seg i kritiske spørsmål.

Innspill i avisa Hordaland, med tillatelse av forfatteren