Ny rektor til Møre folkehøgskule

Einar Yngve Opsvik er tilsett som ny rektor ved Møre folkehøgskule. Han tek til i stillinga i august.

– Dette vert veldig spennande og kjekt. Det er utruleg artig å arbeide med ungdom i den alderen, seier Opsvik. Han er no rektor ved kulturskulen i Volda. Det er ei stilling han har hatt i tre år.    – Og i dei elleve åra før det var eg tilsett ved Møre folkehøgskule. Det er ein skule eg kjenner godt. Det gjer at eg kjenner personalet veldig godt, og ikkje minst sjølve folkehøgskulerørsla. Det er ei rørsle med lang historie, og som har ein pedagogikk som legg veldig sterk vekt på danningsperspektivet. Samspelet mellom lærarar og elevar er svært viktig, og det tiltalar meg, seier Opsvik.

Klippet fra Møre-Nytt