Einar Opsvik har lest dialoglitteratur

Leder i Folkehøgskoleforbundet, Einar Opsvik, har lest fire bøker om dialog. Han sier: Det er ei krevjande øving å flytte seg frå samtalen til dialogen. Dialogen som er noko meir enn ein samtale.

Lyden frå utelivet ein varm sommarkveld i sydlege strok, er som den intense lyden frå grashopper og sirissar i skogen i ei åshelling ned mot Middelhavet. Kakafonien av stemmer frå restaurantar og gater vitnar om at språk, samtale og kommunikasjon gir både glede og fellesskap. Evne og lyst til å tale saman er grunnleggande menneskeleg. Ein søkjer bekreftelse, kontakt, glede og fellesskap. Fellesskap med sine eigne, men også på stadig søken etter å utvide flokken og få nye impulsar. Det ser ikkje ut til at vi manglar evne til å tale saman. Anten det er småprat om daglegdagse hendingar, fortellingar som ein vil dele, eller meiningsutveksling og formidling av sorger og gleder.

Det er likevel ei krevjande øving å flytte seg frå samtalen til dialogen. Dialogen som er noko meir enn ein samtale. Dia betyr gjennom, og logos kan tolkast som meining. Det som også karakteriserer dialogen er at ein stadig vender tilbake til utsegner som har kome fram tidlegare hendlingsforløpet. Det krev konsentrasjon, respekt, og ikkje minst romslege og tolmodige menneske.

I folkehøgskulen har vi dette som ein pedagogisk og metodisk knivspiss inn mot auka læring og erkjenning. Historisk i folkehøgskulen, vart dialogen dyrka som kontrast til puggpedagogikken i «den sorte skole», og i dag som eit kjærkome alternativ etter årelang fortæring av pensum, reproduksjon av kunnskap og karakterjag.

Vi har eit rikt tilfang på litteratur som set lys på dialogen i ulike former og perspektiv. Øyvind Kvalnes har ei anekdotisk og personleg tilnærming i boka Filosofisk Førstehjelp. Forklaringar og løysingar blir nærast sjølvsagte når det kjem på trykk. Han utkrystalliserer fem konkrete strategiar for å møte menneske som ein er ueinig med, på ein konstruktiv måte.

Dette er i same gate som den kurdisk/danske tidlegare politkaren Özlem Cekic kjem med i si bok Tak for kaffe. Ho leverer ei sjølv­ransakande bok, der ho med utgangpunkt i ulike tablå utarbeider gode råd for å kome på talefot med andre. Her er mykje enkel og praktisk metodikk å hente for den som ynskjer å skape gode samtalar både i sitt eige liv og i kontakt med elevar og kollegaer i folke­høgskulen.

Med det same siktemålet har Hallvard Fossheim eit fullstendig anna utgangpunkt. I boka Dialog, en filosofisk tilnærming, blir vi invitert med på ei filosofisk reise med dialogen som tema. Denne reisa gjennom filosofihistora endar opp med ein samtidsfilosof: Jürgen Habermas, – ei tydeleg stemme med ein dagsaktuell filosofi. Hans idear om kommunikativ handling som føresetnad for å skape gode dialogar er opplysande lærdom og i samsvar med våre ideal om kommunikasjon i folkehøgskulen.

Psykolog Jan Atle Andersen si bok Folkeskikk og uskikk på jobben er ikkje i første rekke ei bok om dialog, men har konfliktbehandling som tema. Dette dreier seg også om å utvikle evne til å vere i ein målretta dialog. Han er m.a. kjent for eit postulatet «ord kan ikke såre», – ein provokasjon for mange.  Boka hans gir ei djupare forståing for kva han freistar å formidle og han utkrystalliserer 15 «reglar for kommunikasjon». Mange av desse er knytt til konkrete øvingar som blir presentert til slutt i boka. Dette er øvingar som kan nyttast som metodikk ikkje berre for konflikbehandling, men også for å legge til rette for å takle kjensler i ein trygg dialog i ei klasse eller elevgruppe. Det som gjer det særleg relevant er at han alltid arbeider med grupper som øver på å sette ord på dei kjensler som bidrar til å styre dialogen.

Ein kan likevel bli sittande med ei uroleg kjensle av at folkehøgskulen som eit drivhuset av dialogideal, kjem til kort i ei verd som i stadig sterkare grad er prega av ekkokammer, konspirasjons­teoriar og tvilsame fakta. Eit lesarinnlegg i Klassekampen stiller dette spørsmålet i samband med opprøret i Iran: «Er det fortsatt mulig å tro på dialog med dette autoritære regimet som skyter på egen befolkning? Gi dem støtte ikke `dialog`!» Kvalnes gjer det også til eit poeng når han siterer Arne Næss` bok «Livsfilosofi»: «I en atmosfære av vennlighet kan man tåle mye av andre.» Kva gjer vi når dette grunnlaget ikkje er på plass? Det er utfordrande å nærme seg «woke», «no platforming» og menneske som ikkje er interessert i å vere i dialog. Dette opplever ein i dagleglivet på einskilde skular og i eit globalt perspektiv med diktatorar som styrer utan interesse for korkje samtale eller forsoning. Det er godt at vi i folkehøgskulen held fast på trua på demokrati og ein pedagogikk med eit klart dialogperspektiv. Dette programfesta og ikkje minst historisk solid forankra.

Einar Opsvik