NOU med intensjon om å styrke skoleslaget

Vi har lagt årets rektormøte med omfattande drøftingar rundt to nye NOU-rapportar bak oss, og utforming av høyringssvar ligg framføre oss. Det er ikkje tvil om at «En folkehøgskole for alle» var rapporten som skapte meste diskusjon på samlinga i Trondheim.

Det er inspirerande at utvalet som har sett seg inn i folkehøgskulen sitt arbeid, idear og praksis har laga ein rapport som heilt tydeleg har som intensjon å styrke skuleslaget og bidra til at det blir gjort godt arbeid. Folkehøgskulen har ei lang historie med sterk motstand mot alle signal om sterkare statleg styring. Mange av endringsforslaga signaliserer ei sterkare styring og meir kontroll med aktiviteten i folkehøgskulen. Det som i sterkast grad bidrar til retning for folkehøgskulen er, og skal vere formålsparagrafen. Dei siste 20 åra har vi hatt svært opne formuleringar som har gitt skulane stor fridom i si forståing av «danning og folkeopplysning». Stor fridom medfører tilsvarande stort ansvar. Kva som er motivasjonen for å foreslå utviding, nyansering og endring av formålsparagrafen er uklart. Det som blir foreslått er stort sett perspektiv på arbeidet i folkehøgskulen som alt er ivaretatt i forbundet og rørsla sine idé- og prinsipprogram og vedtekter. Forsøket på å gjere oppdraget tydlegare kan bli instrumentelt og ein kan stå i fare for å miste dei store perspektiva av syne. Det kan vere på sin plass å gjere formålet tydelegare og legge eit noko klarare innhald i formålsparagrafen. Vi treng eit konstant ordskifte både om danningsomgrepet, og ikkje minst i spenninga mellom «folkeopplysning» og «folkelig opplysning». Dette bør vere ein levande del av både kvardagen på den einskilde skule og dynamikken sentralt i rørsla og ikkje kome som pålegg frå styresmaktene.

Lange og engasjerte drøftinga på rektormøtet har enda ut i mange og ulike innspel til Folkehøgskolerådet. Dette skal tene som grunnlag for den høyringsuttalen som skal sendast til departementet. Vi får klare signal om at høyringsuttaler frå folkehøgskulen blir tatt på alvor og veg tungt i det vidare arbeidet. Dette vil bidra til korleis norsk folkehøgskule blir utforma i åra framover.

Mange har presisert at det er viktig at det blir levert ei samla tilbakemelding der folkehøgskulelandskapet står samla om viktige endringsforslag. Det er likevel vanskeleg å underslå at det er spenningar og nokre gongar tydeleg usemje, på ulike nivå; mellom store og små skular, mellom greinene, mellom ulike typar skular og ikkje minst kan det vere spenningar mellom det som er skulane sine interesser og forbundsmedlemmene sine interesser.

NOU-rapporten er såleis ei gylden anledning til å utfordre både skular og tilsette til å sette seg grundig inn i sitt eige skuleslag, arrangere møter og samtalar og stimulere til felles refleksjonar om kva konsekvensar dei 73 endringsforslaga vil ha når føremålet skal operasjonaliserast i møtet mellom tilsette og elevar. I tillegg er det ope for å kome med andre og nye innspel. Ingenting er så langt bestemt, korkje innhald eller den vidare prosessen. Det er i stor grad opp til oss.

Einar Opsvik,

Leiar i Folkehøgskoleforbundet