I arbeid for demokratisk danning

I ei tid der demokratiske land og organisasjonar er under press både frå maktglade leiarar, krig og ny teknologi, svarer Arbeiderbevegelsens folkehøgskule på Ringsaker friskt med oppretting av ei ny og aktuell linje. Nytilsett lærar Erik Aarebrot har store ambisjonar når han blir tilsett på linja «Politikk og strategi».  Aarebrot er grunnleggande interessert i det fagpolitiske arbeidet og har ambisjonar om å arbeide for å danne politiske leiarar for framtida. Folkehøgskulen er ideell for eit slikt danningsarbeid der ein har tid til fordjuping og kreativitet. Den nye linja er eit samarbeid mellom skulen og Tankesmien Agenda og bidrar direkte til å verkeleggjere skulen og skuleslaget sine demokratiske danningsmål. Leiar for politikk og samfunn i LO kommenterer den nye linja slik: – Klarer man å få en slik linje til å fungere kan det får stor betydning for det politiske landskapet i Norge.