Folkeopplysning vs. folkelig opplysning

Omgrepa «danning og folkeopplysning» kom inn i folkehøgskulelova for meir enn 20 år sidan, desse orda blir truleg ståande som overskrifter også framover. Med utgangspunkt i ny NOU, kan det sjå ut som formålsparagrafen blir utvida eller nyansert, - men folkehøgskulen vil framleis vere eit skuleslag der danningsprosessar er det overordna. Dette har konsekvensar for korleis vi forstår nyansane i folkeopplysning og folkeleg opplysning.

Ordet danning har i mange samanhengar og forum blir drøfta for at skulane skal kunne omsette dette til konkret pedagogikk i sin kvardag, i møte med elevar. Det har også fått eit innhald i Folkehøgskoleforbundet sitt idé- og prinsipprogram: «…en prosess som utvikler evnen til å være oppmerksom på seg selv, på sine medmennesker og den verden vi lever i.» Vi finn variantar av denne tre-trinns raketten i mange av skulene sine verdigrunnlag.

Ordet folkeopplysning har derimot blitt via svært lite merksemd. Det er nyanseforskjellar og ulikt innhald i folkeopplysning og folkeleg opplysning. Arild Mikkelsen deler raust av sin historiske kunnskap i eit bidrag i dette nummeret av magasinet og gir oss ein innsiktsfull artikkel om bakgrunnen for bruken av begrepa.

Omgrepa kan synast svært like, men konsekvensane for pedagogikken kan vere store. Det er viktig korleis orda blir brukt og forstått, dette formar vår røyndom og måten vi møter våre elevar og legg til rette undervisning. I motsetning til opplysning som kjem frå myndigheiter eller autoritetar, er folkeleg opplysning, opplysning som kjem nedanfrå. Idé- og prinsipprogrammet understrekar at i eit fleirstemt læringslandskap tar folkehøgskulen utgangspunkt i elevane sitt eige liv. For å utvikle personleg autonomi, gi elevane perspektiv på eige liv og utvikle evna til aktivt medborgarskap, er ein pedagogikk prega av dialog svært sentralt. I dialogen vil den einskilde sine erfaringar, meiningar, kjensler og historie vere utgangpunktet. Dialogen skal vere i sentrum på alle læringsarenaer.

Danningsprosessar oppstår likevel ikkje i eit vakuum, men i samspelet mellom fagleg læring og personleg utvikling. Folkeopplysning forstått som opplysning ovanfrå, i samspel med folkeleg opplysning med utgangpunkt i den einskilde blir to sider av det pedagogiske arbeide i folkehøgskulen.

Å ta i bruk omgrepet folkeleg opplysning både i det daglege og i lovteksten, synleggjer kva som er folkehøgskulen si viktigaste pedagogiske tilnærming. Dette er og grunnlaget for å øve på og bidra til demokratiske danningsprosessar. Utan ei slik forståing blir ikkje folkehøgskulen det tydelege pedagogiske alternativet som vi treng for å invitere inn i gode danningsprosessar.

Einar Opsvik, leiear i Folkehøgskoleforbundet