Levande historie

Vikinglivlinja starta som ei «Levande Historie»-linje. Eit tilsvar på at Nordfjordeid satsa på Vikingtida. Midt i eit landskap med fleire gravhaugar og fjordar finn vi Sagastad, med ei gjenskaping av Kong Audbjørn sitt 30 meter lange vikingskip, det brende Myklebustskipet. Men vi har også tenkt og endra oss undervegs.

Ein måtte passere Vestkapp, Stad, som viking. Det er eit havstykke som krevjer noko av deg. Ferdigheiter, kunnskap, samarbeid – og litt mot – særleg om vinden snur. Slik er vikingane og folkehøgskule-eleven i slekt. Det er mange som er på si første lengre reise frå heimen. Mykje nytt ein skal leve seg gjennom.

Vikinglivlinja starta som ei «Levande Historie»-linje. Eit tilsvar på at Nordfjordeid satsa på Vikingtida. Midt i eit landskap med fleire gravhaugar og fjordar finn vi Sagastad, med ei gjenskaping av Kong Audbjørn sitt 30 meter lange vikingskip, det brende Myklebustskipet. Men vi har også tenkt og endra oss undervegs. Vikingen brukte mykje av tida si ute. Praktiske ting og det ein i dag kjenner som friluftsliv. Eller berre ein vanleg dag i skogen, som vikingen ville sagt.

Men først, kva er «Levande Historie»? Det er ikkje rollespel elle LIVING.

Kva er Vikinglinje? Det er ikkje rollespel.

Kven var vikingane?

Ein er ikkje ein annan «karakter» enn den ein er til vanleg.  Ein er seg sjølv, og det er nok. Miljøet som driv med levande historie i Noreg er eit av dei mest inkluderande og givande grupper med folk ein kan møte. Elevane får ein god start på noko dei kan ha med seg resten av livet.

Levande Historie er å skaffe seg meir og djupare kunnskap om alt av praktisk i vikinglivet: handverk, skinnarbeid, bein og horn, tre, matauk, lagring og tillaging, ro, fiske, vedhogst, lage seg ly, tenne fleire typar bål, historia og samfunnet, trua. I tillegg til leikane, skaldekunsten, musikk, reisene, glima og blankvåpen. Ja, det er variert, bygger på kvarandre og vert fletta i kvarandre. Ein lever ut dette saman med andre som koplar seg på dette livet i periodar, og er moderne folk resten av tida.

Kven var vikingane? Kva har vi gjort dei til? Kvifor har vikingen fått den posisjonen han har i dag? Er viking noko dei ville kalla seg sjølve?  Slike spørsmål må elevane stille seg – og svaret veks fram over tid.  Innsikt og utsikt.

Linja er såpass mangslungen at ein kan velje å sjå ting frå ulike sider. Derfor er det ingen fasit på kven som er elevane våre. Det kan vere eleven som kler seg opp som viking og får oppleve vikingmarknadar saman med andre som driv med levande historie. Hen, han og ho som søker leiken, læra om gamle handverk, samhaldet og dei gode samtalene, langt frå vår moderne verd.

Derfor er det ingen fasit på kven som er elevane våre. Det kan vere eleven som kler seg opp som viking og får oppleve vikingmarknadar saman med andre som driv med levande historie. Hen, han og ho som søker leiken, læra om gamle handverk, samhaldet og dei gode samtalene, langt frå vår moderne verd

Vi prøvar å dykke djupt

Det kan vere historie-nerden som lar sin indre arkeolog prøve ut korleis eit krevjande liv og naturen forma folket som budde på vestlandet. Kongerekka – den er jo ganske underhaldande, den med! Eller filosof-eleven som ser verdien i historiane om gudane, menneske og samfunnet.

Eller kanskje dei som har fokus på det praktiske friluftsliv. Eller som likar adrenalinet blankvåpen-treninga gjer. Oftast er det ein god kombinasjon!

Vi må innrømme at vi ikkje rekk alt vi kunne ha lyst til. Det må bli nokre smakebitar – og nokre snarvegar tar vi. Vi prøvar å dykke djupt i mykje, men ikkje i alt. Men det er stas når mange elevar vel å ta eit år til på linja. Det er meir å lære, alltid. Komme nærare slik vikingane levde og forma si verd. Slik forstår ein også betre seg sjølv.  At vi lever eit liv i komfort, tryggleik og luksus samanlikna med mange andre, sjølv i dag.

Kva gjer denne linja til god folkehøgskule?  

Alle gode omvegar går gjennom, Grundtvig. Sjøl med etikk og relgionshistorie frå høgskule måtte eg lese meg opp igjen på Grundtvig for sju år sidan, då linja vart starta opp.

Grundtvig såg folket sitt som stod med lua i handa når det kom til det folkelege og sin eigen kultur. Eliten hadde lenge dyrka tysk, fransk, engelsk, italiensk og tyrkisk – kultur; alt anna enn sitt eige, som vart oppfatta som for smått til at en ville vise det fram.

Så vart vikingen henta fram att, og historia vår vart vår eiga igjen. Andre land kom til oss for å bli inspirert. Nokre tok ting heilt ut av proporsjon og samenheng. Vikingen vart vridd til å vere nasjonalist. Grundtvig si interesse for historia vart vrengt av dei som okkuperte landet. Å jobbe mot slike krefter er god folkehøgskule.

Vi må framleis jobbe for å fjerne oss frå kvasi-vitenskap og avdekke ideologiar vikingen ville vore framand for. Vi må forstå kva som skaper ein «drengur», den gode personen og venen ein vil ha med seg i livet, og som aksepterer deg som den du er.

Folkehøgskule skal få folk til å sjå seg sjølv i andre folk. Moralsk, filosofisk og empatisk. Og folkehøgskule er praktisk, litt leikande, variert og kunnskapsrik. Vi er veldig glade for at vi kan vere nettop det!

Folkehøgskule skal få folk til å sjå seg sjølv i andre folk. Moralsk, filosofisk og empatisk. Og folkehøgskule er praktisk, litt leikande, variert og kunnskapsrik.

Kva er viktig for oss å formidle?  

Likeverd og likestilling. Respekt. Og at det er mykje omsorg i å le saman. Då er det lettere å snakke saman om dei tinga som er viktige.

I norrøn tid kunne ein mann ha med seg gryter. I kvinnegraver har ein funne våpen, og kvinner blir funne blant krigarane i gravene i England. Vi hadde fleire dronningar og dronning-mødrer med makt. I kraft av den dei var som person. Kvinner dreiv handel og produserte dyre varer. Seglet er så godt som halve verdien på eit vikingskip. Guden Tor lot seg kle opp som brud, og Loke er mor til følet Sleipner.  Ein hadde da som nå frilynte og pietistiske krefter i samfunnet. Ein lærer av vikingane sitt liv.

Historia lar oss sjå at menneske til alle tider, kulturar og lag av samfunnet har måtte jobbe med dei same spørsmåla. Kven er eg? Kven er vi? Og er det så farleg at vi er ulike som personar? Vi må finne oss sjølve. Bli ein original.  Eit jublande stort frilynt –JA!  til det!

Korleis planlegge?   

Planverket er forsøkt lagt opp i bolkar som tilsvarar vikingane sin eigen kalender med ti månader. Tanken er å følge naturen slik fiskar-bonde- vikingen måtte. Ein slaktar sau og haustar når det er tid for det. Husflid gjer ein langs med. Jola kjem litt etter den kristne. Veden må ned om vinteren. Og på tokt til Island og Gudvangen fer vi til våren.

Planverket endrar seg etter kva lærarar som er knytt til linja. Her er vi fem som er knytt til linja i ulike stillingar.  Vi prøvar å spele kvarandre gode. Så hentar vi inn eksterne krefter ved behov. Naturleg nok tek ein i stor grad omsyn til elevflokken.  Den er unik frå år til år.

Interaksjon – i kva grad er elevane med på innhald og form?

Innanfor rammene er det stor grad av fridom. Vi brukar historiske teknikkar og modellar i stor grad.  Går ein litt mykje over i «fantasi» verden får eleven melding at dette ble ein ganske moderne-vikingtid. Alle treng å vita korleis det en gjær kan bli oppfatta.  Så må du ta eit val, og stå for det. Elevane jobbar med ulike tempo og har tre-fem ulike prosjekt gåande samstundes, som dei kan bytte mellom. Får ein elev “fot” på noko og vil gå meir inn i temaet, prøver vi å legge til rette for det. Dette variere frå år til år, så ingen år er like. Denne gongen er det blankvåpen-trening med sverd og øks, og trening med pil og bue. Elevane kan velje i svært mange valfag , og vi har turar eit par gongar i veka.

Metodar som er viktige

For meg er 4MAT metodikken der en ser etter ulike lærings-strategiar hos elevane. Den prøver å gi eit mangfald og ansvarlegjer både eleven – og læraren. Det viktigaste er at det er lov å feile. Ta lærdom og prøve på nytt. Utan at det er eit nederlag. Bli solid i seg sjølv tar tid.

Korleis nedfeller skolens verdigrunnlag seg i linjas innhald…? Fjordane folkehøgskule skal gjennom ein meiningsfull kvardag utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap. Dette er kanskje vikingliv i praksis!

Stig Gunnar Myren, lærer på linja Vikingliv

Tekst og foto: Stig Gunnar Myren, lærer på linja Vikingliv ved Fjordane folkehøgskule