Fast-track til konvertering?

Bibelskulane i Norge har fått  reduksjon i sine løyvingar frå staten. For å sikre sine rammevilkår søker dei å finne gode løysingar på det dilemmaet som dei står i. Misjonssambandet sine to skular i Oslo og i Tromsø, samt Ansgar bibelskole i Kristiansand smaker på om det er mulig å endre status frå bibelskule til folkehøgskule.

Rektor Jon Georg Fiske på Fjellhaug bibelskole i Oslo, meiner at hans skule i fleire år har «nærmet seg folkehøgskolene i profil og pedagogikk». Dei har vore i kontakt med både departementet og IKF-kontoret (Informasjonkontoret for kristen folkehøgskole) for å få hjelp til konverteringsprosessen. Rektor på Ansgar bibelskule Ingunn Folkestad Breistad, skulle ønske det var ein «fast track» til å bli folkehøgskule. Departementet er tydeleg på at dette ikkje er mulig, og bibelskulane må ev. søke om å bli folkehøgskule på lik linje med andre som søker. Då vil også kriteria for godkjenning bli lagt til grunn. Hovudkriteriet for å drive folkehøgskule er at ein arbeider med formålet i Folkehøgskulelova som utgangspunkt. Den enkelte skule kan og skal definere sitt eige verdigrunnlag, men formålet står fast. I tillegg må folkehøgskulerørsla ta inn over seg dei føringar som NOU 2022: 16 tydeleg presenterer, – det skal vere «En folkehøgskole for alle».

Bibelskulane sine ønsker om konvertering til folkehøgskule er i all hovudsak økonomisk motivert. I tillegg har folkehøgskulane noko friare rammer, men samtidig eit større ansvar for å verkeleggjere eit danningsideal som er sjølvkritisk, har eit samfunnfokus, vere representative for det norske samfunnet og ha demokratisk danning som eit overordna perspektiv. Bibelskulane presenterer tydeleg sine overordna målsettingar på sine respektive web-sider. «På bibelskole kan du styrke troen i et unikt fellesskap», «Vår visjon er å lese, lære og leve Guds Ord,…», «Eleven skal gjennom et bibelskoleår reflektere over og integrere Bibelens innhold i egen tro.». Det individuelle trusstyrkande og religiøse fellesskapsperspektivet er i høgsetet. Det er også lagt vekt på kritisk refleksjon, men alt skjer innanfor dei rammer som bibelen gir som rettesnor for livet og eksistensen. Om ein skal samanlikne desse danningsideala med det som Folkehøgskulelova held høgt, er det ein svært lang veg å gå for bibelskulane. Det krevst ei dramatisk endring i skulane sitt DNA, ei perspektivendring som dei fleste truleg er lite villig til å foreta, berre for å oppnå økonomisk gevinst. Det er prinsipielt stor forskjell på formål og verdigrunnlag. Dei kristne folkehøgskulane er tydeleg på det samfunns­mandat som Folkehøgskulelova presenterer, og har sine verdigrunnlag som grunngjeving, ikkje som formål, når ein inviterer elevar inn i læring og danningsprosessar.

Det er forståeleg at bibelskulane ser etter andre økonomiske løysingar i tronge tider. Ein kan likevel undrast over kvifor denne problemstillinga dukkar opp. Det er svært stor skilnad på å drive bibelskule og folkehøgskule. Har vi blitt så uklare at andre trur det ein kan bli folkehøgskule med eit heilt anna utgangpunkt og anna formål? Har vi mislukkast i å kommunisere kva som er vårt samfunns-oppdrag? Bibelskulane sine initiativ bør etterfølgast av ein diskusjon i våre eigne krinsar om korleis vi presenterer oss både overfor komande elevar og samfunnet elles. Meir enn nokon gong, treng vi å vere tydelege på at folkehøgskulen skal vere for alle, at vi arbeider med utgangpunkt i den enkelte elev og at folkeleg opplysning og demokratiske danningsprosessar er vårt formål.

Einar Opsvik, leiar i Folkehøgskoleforbundet