Bøker: Det blåøyde riket. Norske tillitspatologier

På min t-bane-tur på veg frå Veitvet til kontoret i Brugata i Oslo sentrum passerer eg Økern. Midt i januar i år, dukka ordet TILLIT opp på veggen på ei blokk på Økernsenteret. Kunstnaren Lars Ø. Ramberg fekk utfalde seg fritt og brukte vindauge og lys til å formidle sitt klare bodskap til alle forbipasserande. Tillit har i framveksten av vårt liberale demokrati og vår velferdsstat vore ein avgjerande verdi. Gunnar Skirbekk har understreka i si bok «Norsk og moderne» at vi må ha eit auge for å ta vare på «…ein egalitær politisk kultur, med grunnleggjande tillit og solidaritet». Dette ordet var også mitt første møte med folkehøgskulen gjennom ein artikkel av Øyvind Brandt som presiserte at tillit var ein av folkehøgskulen sine sentrale verdiar.

Korrupsjonsjeger Eva Joly i samarbeid med filosofen Nina Witoszek utfordrar vår tillit til tilliten i boka «Det blåøyde riket». Som tydelege eksempel på personar som har misbrukt tilliten, og institusjonar som har svikta, tar forfattarane fram m.a. fire tydelege saker som blir grundig analysert. Oljefondet sin leiar Nicolai Tangen får gjennomgå på grunn av si fortid, der han blir skulda for å rettferdiggjere bruk av skatteparadis for å unngå å betale skatt til Norge. Equinors uskuld som nasjonal verdiskapar og mytologisk helt, blir avkrefta. Også selskapet sitt internasjonale engasjement og udugeleg leiarskap, kombinert med naiv parlamentarisk velsignelse blir grundig belyst. Transocean-skandalen viser korleis økonomisk sjonglering og mangel på kompetanse, juridiske og økonomiske musklar i statsapparatet gjer det mulig for sterke kapitalkrefter å omgå lover og reglar utan at det får konsekvensar. Sist men ikkje minst får fredsmeklar Terje Rød-Larsen gjennomgå. Det blir meir enn antyda at Rød-Larsen har fått god hjelp frå Utenriksdepartementet, Arbeidarpartiet og FAFO, i ei rekke økonomiske saker som utfordrar tilliten til det politiske systemet. I tillegg blir ei rekke namngjevne personar i norsk politikk tatt med i dragsuget. Norsk politisk tradisjon og «den forherligelse av dialogens kraft» blir nærast latterleggjort i beskrivelsen av samtalane mellom Taliban og afghanske aktivistar som vart arrangert på norsk jord. Dette illustrerer dialogens grenser og begrensning, men også dialogmeistrane si farefylte ferd mot hybris og statsstøtta korrupsjon.

Det er kanskje ikkje boka sitt formål, men vi har eit spekter av eksempel på at det nyttar å sette fingeren på uregelmessigheiter og snylting i det politiske liv i Norge. Terskelen er lav for kva vi aksepterer. Seinast i juni i år, måtte kunnskapsministeren stå skulerett i Stortinget og svare for sin habilitet som ho utfordra sterkt i ulike tilsettingssaker. Vi har også friskt i minne oppryddinga i husleigejuks som førte at høgtståande leiarar i både Ap og Krf måtte gå av. Også Solberg-regjeringa sitt ønske om sterkt utvida fullmakter tidleg i koronakrisa, vart møtt med solid motstand frå presse og universitetsmiljø. Vi kan framleis ha tillit både til politikarar og demokratiske ordningar.

Boka er elles prega av eit blomstrande språk spekka med metaforar og eit uendeleg tilfang av forfattarane sine intellektuelle referansar og mytologisk kunnskap. Bruken av contorni og krydder er så kraftig og gjennomgåande det står i fare for å tildekke hovudretten. Metaforen «kosefjøset» – den lune staden der makta og har det godt og varmt og konflikter ikkje er tema, er kanskje den som generelt fungerer best for å skape eit bilete av dei utfordringane som vårt fokus på tillit medfører.

I boka blir det meste framstilt med sterke fargar og til dels sublim sarkastisk retorikk. Epilogen hentar det heile inn igjen, og vi får tydelegare presentert ei reell uro for norsk overtillit. «Tillit forsterker demokratiske inisitusjoner, men for mye tillit kan hule den ut.» Tillit er sjølve fundamentet i eit demokratisk samfunn. Dersom dette i for stor grad blir utfordra og misbrukt føre det til at demokratiet blir svakare og dårlegare. Utfordinga er tydeleg men løysinga er uklar. Er svaret mindre tillit, meir kontroll og beskyttelse, eller eit folk med høg integritet og danning?

Einar Opsvik


Det blåøyde riket – norske tillitspatologier

Av Eva JolyNina Witoszek

Cappelen Damm Akademisk 2023

Innbundet: kr 349,-

E-bok: kr 249,-

232 sider