Tale i Mandal: Benedicte Hambro takket av

Til saman i folkehøgskulen er vi mange som utfører eit stort spekter av arbeid, alle utfyller kvarandre i ulike roller og posisjonar. Vi skal vere ein heilskap tilsaman. Det er likevel nokre som utmerkar seg, og som er meir synlege i landskapet, og som alle vi andre drar vekslar på.

Benedicte Hambro har ikkje berre brukt mykje av si yrkeskarriere i folkehøgskulen, men ho har også vist eit heilt spesielt engasjement, – og står på for fullt til siste slutt. Under festmiddagen i Folkehøgskoleuka på SKAP kreative folkehøgskule vart Benedicte gjort ære på med tale og blomar. Ho ble hylla for sitt smittande engasjement og sitt tilsynelatande alltid optimistiske og gode humør. Ho får andre til å kjenne seg velkomne og er alltid interessert i andre menneske og det arbeidet den einskilde står i. Det betyr ikkje at Benedicte er rund i kantane eller er vag i sine standpunkt, ho er tydeleg på kva ho meiner og står for, og fullstendig uredd i å fremme sine synspunkt.

Det som kanskje aller mest er synleg er hennar stort kreative evner. Dette har m.a. ført til utgivelse av fleire bøker med matnyttig innhald. I desse bøkene har ho eit tydleg dannings­perspektiv som reflekterer kjennskap til dei store linjene, historia og visjonane, men som i første rekke vender seg til dei som arbeider «på golvet», ho ser arbeidet nedanfrå og frå elevane sitt perspektiv. Slik maktar ho å omsette folkehøgskulen sine idear til konkret handling, og praktisk metodikk. – til glede for alle oss andre.

I tillegg er Benedicte ein glitrande forteljar som fasinerer og kan målbinde sitt publikum med historier som genererer tankar og gir danningsperspektiv. Ho kan verkeleg bruke det levande ordet som verktøy i møtet både med elevar og med kollegaer. På Folkehøgskoleuka har ho bidratt med eit nyskapande kurs; «Krenkorama», dagsaktuelt for alle skular som opplever vanskar knytt krenking, woke og kansellering.

Folkehøgskoleforbundet vi vil takke for alt du har gitt og ynskje deg lukke til vidare!

Einar Opsvik