Minneord Lars Sigve Meling

Lars Sigve Meling døydde 4. september i år etter kort tids sjukdom, 75 år gamal.   Ein bauta i norsk frilynt folkehøgskole er borte. Lars Sigve var pensjonist, men likevel til det siste, aktivt tilstades i mange samanhengar der folkehøgskolefolk møtast.

Lars Sigve starta folkehøgskolekarriera si som elev på Ringerike folkehøgskole etter fullført gymnas og ein periode som lærarvikar. På folkehøgskolen møtte han Sissel som han seinare gifta seg med. Begge to tok lærarutdanning, Lars Sigve på Notodden, Sissel i Stavanger.

Begge fekk tilbod om jobb på Jæren folkehøgskule og dei flytta til Klepp i 1974. I 1980 tok Lars Sigve over som rektor på Jæren, ein jobb han hadde fram til han vart vald som leiar i Norsk Folkehøgskolelag i 2005. Han satt som leiar til 2011 da han valde å pensjonera seg.

Spora etter Lars Sigve i folkehøgskolen er mange og sterke. Han var først og framst veldig glad i alle menneske han møtte på sin veg.   For elevane på Jæren var han ein sterk og motiverande vegleiar. Som nokre elevar uttalar, – han synte oss mange stiar, sette sterke fotavtrykk og sådde frø i mange sine liv, frø som vi skal høste av i mange år. Mange tidlegare elevar var tilstades i gravferda.

For dei tilsette på Jæren var han ein støttande og kjær leiar som alltid var tilstades og ville det beste for alle. Med si djupe       respekt for menneske, natur og samfunn, gjekk han inn i alle forhold  og utfordringar med  alvor, stor glede og engasjement, anten det var usikre og  søkjande elevar, kollegaer, eller store spørsmål som gjaldt vår felles framtid. Lars Sigve var samtalepartnar, han motiverte , inspirerte og synte stor rausheit i møte med sine medmenneske.

Den sterke evna og vilja til å hjelpe vart særleg tydeleg da han i 1992 vart knytta til Flyktningerådet sin beredsskapstropp. I 1995 og 1999 var han på Balkan, m.a. i Makedonia der han hadde som oppgåve å få i gang skolegang for barna i ein flyktningeleir, noko han fekk til mot alle odds.

Norsk frilynt folkehøgskule har mykje å takke Lars Sigve for. Livssynet hans bar sterkt preg av Grundtvig sine tankar om menneske, skole og samfunn. Han levde og lærte i tråd med dette menneske-og skolesynet  gjennom si lange gjerning i skoleslaget.  Det var desse grunnleggjande ideane han kjempa for som tillitsvald i organisasjonen i to periodar. Han stod på barrikadane da fridomen til skoleslaget var truga av sterke formalistiske og akademiske tankar på 1980-talet. Da gnistra det i tale og blikk hos den ellers så milde, rause og venlege Lars Sigve. Han gjekk til frontalangrep mot departementet sitt forsøk på å innføre eksamen og studiepoeng i folkehøgskolen, og argumentasjonen hans vant fram.

Lars Sigve gjorde seg også bemerka i nordisk folkehøgskolesamanheng  gjennom arbeidet  i Nordisk folkehøgskoleråd og som nestleiar i styret for Nordiska folkehøgskolan i Kungälv.

I tillegg til å vere ein engasjert og tydeleg rektor og leiar var Lars Sigve eit samlingspunkt i familien som ektemann, far, morfar og farfar. På heimebane stilte han alltid opp for sine to barn og barnebarna. Livet med barn og barnebarn ute i naturen var høgt prioritert.

Alle vi som fekk gleda av å kjenne Lars Sigve vil hugse han som den gode historieforteljaren, han som alltid engasjerte, motiverte og som aldri veik frå ein frisk debatt om dei viktige tinga i livet. Lars Sigve var ein brubyggjar i folkehøgskolelandskapet.  Han ville vere synleg, han tok plass i rommet, han tok ordet og han var høgt respektert. Derfor      vert han så djupt sakna.

Takk for ein eineståande innsats for frilynt folkehøgskole og for venskapet, Lars Sigve.

Mai-Evy Bakken