Folkehøgskoleforbundet på Nordisk sangsymposium

Song har alltid vore ein viktig aktivitet i dei nordiske folkehøgskulane. Folkehøgskoleforbundet er partnar i Krafttak for song, og var i september invitert til å ta del i «Nordisk songsymposium» på Oslo kongressenter. Dette var ein stor kongress over tre dagar med deltakarar frå heile Norden, inkludert Island og Færøyene.

Konferansen hadde fellessong/allsong som tema. Åtti bidragsytarar, fleire fellessesjonar, mange presentasjonar og workshops formidla massiv kunnskap og god inspirasjon om song. Alle deltakarar kunne sy saman sitt eige program og vere med på det som ein fann meste relevant for sitt arbeid og sin organisasjon. Fleire forskarar presenterte rapportar og funn, og fokuserte på song i ulike perspektiv. Song og læring, song og helse, song og kultur og ikkje minst song som fellesskap vart sett i søkelyset.

Højskolernes i Danmark har hatt stor suksess med «Højskolesangboken». Tilsvarande for norsk folkehøgskule er for frilynt folkehøgskule «Norsk sangbok» og for kristen fhs. «Syng livet». Den danske boka har blitt ei bok som alle danskar kjenner til, og som ein kan finne stort sett i alle heimar i Danmark. Den er selt i fleire hundretusen eksemplar! Vi har også blitt godt kjent med komponist, pianist og allsongsleiar Rasmus Skov Borring. Han er knytt til dansk folkehøgskule, og presenterte den danske boka med tilhøyrande melodibok, korbok og bok for born. Ikkje minst er det knytt ein eigen applikasjon til boka, som gjer den lettare til gjengeleg. Songsymposiet hadde mellom anna som målsetting «å styrke sangens posisjon i samfunnet». Norsk folkehøgskule står i ein lang og rik sangtradisjon. Vi treng i dag å halde fast ved og styrke vår innsats i å ta vare på songen for å stadfeste vår identitet, og styrke vår kultur og fellesskap, – og ikkje minst for å halde fast ved gleda i å synge.

Song på frilynte folkehøgskular

Siste reviderte utgåva av frilynt folkehøgskule si songbok kom ut hausten 2021. Gamle songar er bytta ut med nytt og oppdatert stoff. Her har ein tatt vare på kjende klassikarar som er ein del av vår kulturarv, og inkludert eit mangfald av nyare musikk. Boka kan bestillast frå folkehøgskulen sitt kontor i Oslo.

For å bidra til auka songglede har Folkehøgskoleforbundet gått inn i eit samarbeid med «Trall-appen». Denne er utvikla av musikkfagleg tilsette ved Oslo Met og kan nyttast som akkompagnement til ei mengd songar for dei skulane som ikkje har eigne musikk-krefter. Alle frilynte skular har fått tilsendt tilbod om å abonnere på denne appen. (www.trall.no)

Einar Opsvik


Krafttak for sang har som overordna mål å styrke songtradisjonar og songglede landet rundt. Det er ei samhandlingsplattform med 27 partnarar, er støtta av kulturdepartementet og har tverrpolitisk tilslutning. Organisasjonen arrangerer forskingsbaserte kurs, konferansar, fagdagar og har ressursbank og utviklar program. Krafttak for sang har fem programområde: song for barn og unge, song i lokalsamfunnet, song og inkludering, song og helse og song i eldreomsorga.