Jan Kløvstad:

 Inspirert av Grundtvig og dei første norske folkehøgskulane med Christoffer Bruun og Herman Arvesen i spissen, tok Ivar Fløistad initiativ til å opprette ein folkehøgskule i Austre Moland ved Arendal. Viggo Ullman vart engasjert som styrar og lærar og skulen vart starta 1. oktober 1873. Som i Danmark var dette ein reaksjon på latinskulen og eit utdanningssystem som var lite tilgjengeleg for dei fleste, kombinert med ein glød for Grundtvig sine nye skuletankar. Tanken var å skape ein levande skule som ei motvekt mot åndløsheten i de lærdes dannelse. Den nye skulen var sterkt prega av inspirasjonen frå Grundtvigs folkelige anskuelse eit positivt menneskesyn, eit rikt åndsliv og ein kulturopen kristendom. Undervisninga og faga vart såleis prega av emne som var nyttig i for det daglege liv og ga konkret livsopplysning.

Desse hendingane er beskrive av Jan Kløvstad i boka «Ild, begeistring og varme» utgjeve i år 2000. Med eit rikare tilfang av nyare kjelder presenterer Kløvstad no ei oppdatert bok der vi  får eit langt djupare innblikk i både idealismen og detaljane rundt etableringa av skulen og dei spenningar som rørte seg i samtida.

Skulen fekk ein trong fødsel og ei kort levetid. Motstanden mot dei nye tankane var massiv både frå den pietistiske kristne rørsla og frå samfunnet elles. Dette første til at det var tung både å skaffe midlar til drift og skaffe elevar. Skulen vart etter kort tid flytta til Vigmarken i Landvik ved Grimstad og noko seinare til Seljord. Oppstarten av skulen fekk god spalteplass i VG og Ivar Fløistad fekk også skrive fleire artiklar om skulen og skuleslaget sine målsettingar og idegrunnlag. Dette fortel litt om kva posisjon dei nye skulane hadde i det norske samfunnet.

Kløvstad si bok synleggjer spenninga, konflikten og avstanden mellom pietismen og dei Grundtvigske skulane. Frykten for fritenkarar og radikal samfunnsengasjert ungdom, førte til oppretting av amtsskular fleire stader i landet utover 1880-talet. Den første kristelege ungdomsskulen vart oppretta i 1893. Desse vart klare konkurrentar til folkehøgskulane, som hadde langt dårlegare økonomiske vilkår.

Motstanden frå kristeleg hald var stor lokalt, men også på nasjonalt nivå hadde dei frilynte nye skulane massiv motstand. Kløvstad teiknar eit levande bilete av kampen skuleslaget stod i der Gisle Johnson i kompaniskap med Paul Caspari var frontkjemparane for pietismen. Den luthersk-ortodokse-pietismen sine teser og tankar stod i skarp kontrast til anskuelsen som vart beskrive som uluthersk og ukirkelig. Folkehøgskulane vart i ulike fora karakterisert som Helvedes anstalt, djævelens synagoge og satans verk. Dette på tross av at Ullmann understreker i si lærebok i verdenshistorie at: Historiens midtpunkt er Jesus Kristus.

Slik hadde lekmannsrørsla og det teologiske fakultet i samarbeid med kyrkjestyret, eit felles mål; å nedkjempe Grundtviganarane, – som mangla syn for den syndige fordervelsen. Dette religiøse kuppet har framleis eit ekko i norsk kyrkjeliv. Det kan vere eit spennande tankeeksperiment å sjå for seg korleis dette landskapet hadde sett ut i dag, og kva rom som hadde opna seg med Grundtvig sine idear som inspirasjonskjelde.

Kløvstad poengterer at det er underleg at mange av dei kristne skulane som vart oppretta som ein reaksjon på den frilynte ånda som prega dei Grundtvigske skulane, i dag har med Grundtvig som ein del av sitt verdigrunnlag.

Innsatsen til Viggo Ullman går som ein raud tråd igjennom boka. Hans innsats, idealisme og kamp gjorde at skulen overlevde og bidrog til å skape det som i dag er Seljord folkehøgskule. Boka til Kløvstad teiknar også eit fasinerande bilete av Ullman som ein stor folketalar og forkjempar for folkehøgskulen. Ullman hadde også ei lang karriere som rikspolitikar der ordskifta i m.a. i  kyrkje-komiteen var harde og ingen brukte finvekt i ordvalet.

Talet på søknader om oppretting av nye folkehøgskular i dag, vitnar om at ideane frå dei første pionerane i folkehøgskulen stadig er levande. Ideen om danning slik det vart presenter ved skulestart i 1873 kan vi også slutte oss til i dag:  Dannelse adler manden, ja gjør ham i sandhed til en ret adelsmand! Men dannelse er ingenlunde det samme som kundskaber.

Einar Opsvik

 ——————-

Jan Kløvstad

Gjennom hjertet til hjernen

Pris: 250,- kr

Novus forlag